5. Mosebok 21 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Moses segjer fyre kva dei skal gjera når nokon finn ein som er drepen, og ikkje veit kven dråpsmannen er, 1-9, korleis ein israelit skal fara åt når han vil gifta seg med ein herteki heidningkvinna, 10-14, at ein far ikkje må taka odelsretten frå ein son han hev med ei kona han ikkje likar, og gjeva han til sonen åt den kona han elskar, 15-17, at ein ulydig son skal steinast, 18-21, og kva dei skal gjera med liket av ein mann som hev vorte avretta og hengd upp på eit tre, 22.23.

1Finn de ein mann som ligg drepen på marki i det landet Herren dykkar Gud gjev dykk til eigedom, og ingen veit kven hev slege han i hel,

2so skal styresmennene og domarane dykkar ganga ut og mæla kor langt det er frå liket til dei byane som ligg der ikring;

3og styresmennene i den byen som er næmast liket, skal taka ei kviga som aldri hev vore bruka til arbeids og aldri havt sele på seg,

4og leida henne ned til ein årgangsbekk i ein dal som korkje vert pløgd eller sådd, og attmed den bekken skal dei brjota halsen på kviga.

5So skal prestane koma, Levi-sønene; for dei hev Herren din Gud kåra til å tena han og til å velsigna i Herrens namn; og etter deira ord skal kvar tretta jamnast og kvar skade bøtast.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help