Forkynnaren 3 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Allting i verdi hev si tid, som Gud set, 1-8; eit menneske kann korkje vinna noko med sitt strev eller fullt ut skyna Guds heimsstyring, 9-11; difor kann ikkje mennesket gjera noko betre enn å bruka Guds gåvor med gleda, 12.13; det er fåfengt å vilja brigda det som Gud hev skipa, 14.15. Preikaren hev nok set at urettferdi hev teke romet åt retten hjå menneski, men han veit at Gud hev sett ei tid då han vil døma alle, 16.17. Når Gud let urettferdi råda i verdi ei tid, so er det av di han vil prøva menneski og syna dei kor langt ned dei er komne, med di ein ikkje kann sjå skilnad på dei og dyri, når dei døyr, 18-21. Det beste for mannen er då at han kann gleda seg i arbeidet sitt medan han lever, 22.
1Alt hev si stund, og ei tid er sett for alt tiltak under himmelen.