1So lyfte eit ver meg upp og flutte meg til Øystreporten på Herrens hus, den som snur mot aust. Attmed inngangen til porten såg eg fem og tjuge menner og midt ibland dei Ja'asanja Assursson og Pelatja Benajason, som var hovdingar i folket.
4Difor, spå imot dei, spå, du menneskeson!
5Då fall Herrens Ande på meg, og han sa til meg: Seg: So segjer Herren: Soleis hev de sagt, de Israels-menner, og kva som leikar dykk i hugen, det veit eg vel.
6Mykje folk hev de drepe i denne byen; de hev fyllt gatone der med drepne menner.
16Difor skal du segja: So segjer Herren, Israels Gud: Då eg førde dei langt burt imillom heidningfolki og spreidde dei i landi, då vart eg eit lite bel ein heilagdom for dei i dei landi der dei kom.
17Difor skal du segja: So segjer Herren, Israels Gud: Eg vil samla dykk i hop frå folkeslagi og sanka dykk utor landi som de er ikringspreidde i, og eg vil gjeva dykk Israels land.Jer 23,3
18Og når dei kjem dit, skal dei hava burt or det all ufysna og styggedomen som finst der.
19Og eg vil gjeva dei eit hjarta, og ei ny ånd vil eg gjeva inni dei; eg vil taka burt steinhjarta or deira kjøt og gjeva dei eit kjøthjarta,Esek 18,31; 36,26; 5 Mos 30,6; Jer 24,7
20so dei skal leva etter mine bod og halda mine lover og gjera etter dei. So skal dei vera mitt folk, og eg vil vera deira Gud.Esek 34,30; 36,28; Jer 31,33; Sak 8,8; Hebr 8,10
21Men dei som let hjarta sitt fylgja dei ufyselege og avstyggelege avgudane deira, deira åtferd vil eg lata koma att på deira eige hovud, segjer Herren, Israels Gud.Esek 9,10; 16,43
22Då lyfte kjerubane vengene sine, og hjuli fylgde med, og herlegdomen åt Israels Gud var uppyver dei.Esek 9,3; 10,1
23Og Herrens herlegdom steig upp frå byen og stana på det fjellet som er austanfor byen.
24So lyfte eit ver meg upp og førde meg i syni ved Guds Ande til dei burtførde i Kaldea; og syni som eg hadde set, for upp ifrå meg.Esek 3,14-15; 8,3
25Og eg tala til dei burtførde alle dei ord som Herren hadde synt meg.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.