4. Mosebok 28 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Herren gjev lover um det dagvisse offeret, 1-8, um offeri som skal berast fram kvar sabbat, 9.10, kvar nymånedag, 11-15, i påskehelgi, 16-25, og pinshelgi, 26-31.

1Og Herren tala til Moses og sa:

2So skal du segja til Israels-borni: Offeret mitt, maten min, eldofferi mine, som angar godt for meg, lyt de koma i hug å bera fram for meg på si visse tid.

3Seg til dei: So skal dei eldofferi vera som de ber fram for Herren: Tvo årsgamle lytelause lamb um dagen til fast brennoffer.

24Sovorne offer skal de bera fram kvar av dei sju dagane; det er eldoffermat som angar godt for Herren; attåt det daglege brennofferet skal de bera det fram, med drykkofferet som høyrer til.

25Den sjuande dagen skal de halda eit heilagt møte, og noko utearbeid må de ikkje gjera då.

26Nygrødedagen, når de ber fram for Herren eit offer av den nye grøda og høgtidar sjuvikehelgi, då skal de halda eit heilagt møte og må ikkje gjera noko utearbeid.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help