Ester 5 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Ester gjeng inn til kongen, som tykkjer gildt i henne; ho bed han og Haman til gjestebods same dagen; dei kjem; ho bed dei koma andre dagen og, 1-8. Mordekai vil ikkje bøygja seg for Haman no meir enn fyrr; kona og venene åt Haman råder han til å reisa ein galge for Mordekai; han gjer so og vil dagen etter beda kongen um lov til å hengja Mordekai upp der, 9-14.

1Tridje dagen klædde Ester seg i sitt dronningskrud og steig inn på indre tunet i kongsgarden, midt framfor kongshalli, medan kongen sat på kongsstolen sin i kongshalli, midt imot døri til halli.

2Då no kongen fekk sjå dronning Ester, som ho stod der i tunet, tykte han ovleg gildt i henne; han rette gullstaven som han heldt i handi, ut imot henne, og Ester gjekk fram og tok i enden av staven.Est 4,11

3Då sa kongen til henne: Kva hev du på hjarta, dronning Ester? Er det noko du ynskjer? Um det so var halve riket mitt, skal du få det.Mark 6,22-29

4Ester svara: Um det tekkjest deg, herre konge, vilde eg gjerne at du og Haman i dag skulde koma til det gjestebodet eg hev stelt til for deg!

5Då sa kongen: Skunda dykk og henta Haman, so me kann gjera som Ester vil! So kom då kongen og Haman til det gjestebodet som Ester hadde stelt til.

6Medan dei sat og drakk vin, sa kongen til Ester: Er det noko du vil beda um? Det skal gjevast deg. Er det noko du ynskjer deg? Du skal få det, um det so var helvti av riket.

7Ester svara: Det eg bed um og ynskjer, er dette:

8Hev kongen nokon godvilje for meg, og tekkjest det kongen å gjeva meg det eg bed um og gjera det eg ynskjer, so må kongen og Haman koma til det gjestebodet eg vil stella til åt dei. I morgon vil eg då gjera som kongen segjer.

9Den dagen gjekk Haman glad og fjåg derifrå. Men då han fekk sjå Mordekai, som sat i kongsporten og korkje reiste seg eller rørde seg for han, vart han brennande harm på Mordekai.Est 3,2

10Men han styrde seg og gjekk heim; so sende han bod etter venene sine og Seres, kona si,

11og han la ut for dei um sin rikdom og herlegdom og dei mange sønene sin og korleis kongen på alt vis hadde gjort han stor og hadde gjeve han rang yver dei hine hovdingane og kongsmennene.Est 9,10; 3,1

12Og han la til: Eg var jamvel den einaste som dronning Ester let få koma med kongen til det gjestebodet ho hadde stelt til; i morgon og er eg beden til henne i lag med kongen.

13Men alt dette er ikkje nok so lenge eg ser Mordekai, jøden, sitja i kongsporten.

14Då sa dei til han, både Seres, kona hans, og alle venene hans: Lat dei gjera ein galge, femti alner høg, og i morgon skal du beda kongen at Mordekai må verta upphengd i den galgen; so kann du ganga glad med kongen til gjestebodet. Den rådi tykte Haman vel um, og han let gjera galgen.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help