2. Kongebok 8 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Elisa råder mor åt den guten han hev vekt upp, til å fara or landet, av di det skal koma hungersnaud; ho gjer det, men då uåri er lidne, kjem ho att, og Gud lagar det so at ho fær att jordvegen sin og alt ho åtte, 1-6. Elisa kjem til Damaskus og varslar um at Benhadad skal døy og Hasael verta konge og gjera Israel mykje vondt, 7-13. Hasael drep Benhadad og vert konge, 14.15. Joram vert konge i Judariket; han er gudlaus; edomitane fell frå han; han døyr, 16-24. Akasja vert konge etter han; han er og gudlaus; han fer herferd mot syrarane saman med Joram, Israels-kongen; Joram vert såra; Akasja kjem og lydest um han i Jisre'el, 25-29.

1Ein dag sa Elisa til mor åt den guten han hadde gjort levande: Gjer deg reidug og tak ut med huslyden din og gjev deg til i utlandet, kvar det kann høva! For Herren hev stemnt hungersnaudi hit, og ho kjem og yver landet og skal vara sju år.

11Gudsmannen stirde ovende lenge på han, og so tok han til å gråta.

27Han fylgde same vegen som Akabs hus og gjorde det som Herren mislika, liksom dei; for han var skyld Akabs hus.

28Saman med Joram Akabsson drog han ut og stridde mot Hasael, syrarkongen, ved Ramot i Gilead, og syrarane såra Joram.2 Kong 9,14-20

29So for kong Joram heim att og gav seg til i Jisre'el, vilde få lækt dei såri som syrarane hadde gjeve han ved Rama då han stridde mot Hasael, syrarkongen. Og Akasja Joramsson, Juda-kongen, drog ned til Jisre'el og vilde sjå um Joram Akabsson, sidan han låg sjuk.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help