Salmane 148 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Heile skapningen både i himmelen og på jordi skal prisa Herren - det som høyrer himmelen til, av di han hev skapt det og bunde det til ævelege lover, det som er på jordi, av di han er upphøgd yver alle ting, fyller himmel og jord med sin herlegdom og hev gjeve sitt eige folk stor styrke, 1-14.

1Halleluja! Lova Herren frå himmelen, lova han i det høge!

2Lova han, alle hans englar, lova han, all hans her!Sal 29,1-9; 103,20-22

3Lova han, sol og måne, lova han, alle lysande stjernor!

4Lova han, de himle-himlar og de vatn som er uppyver himlane!Sal 19,2; 1 Mos 1,7

5Dei skal lova Herrens namn; for han baud, og dei vart skapte,Sal 33,6.9

6og han sette dei på staden deira for alltid og æveleg, han gav ei lov som ingen av dei bryt.1 Mos 1,17; Job 28,24-28

7Lova Herren frå jordi, de store sjødyr og alle djup,

8eld og hagl, snø og eim, du storm, som set hans ord i verk,Sal 104,4

9de fjell og alle haugar, aldetre og alle sedrar,

10de villdyr og alt fe, krekande dyr og fljugande fuglar,Sal 150,6

11de kongar på jordi og alle folk, de hovdingar og alle domarar på jordi,

12de unge gutar og gjentor, de gamle med dei unge!

13Dei skal lova Herrens namn; for berre hans namn er høgt, hans herlegdom er yver jord og himmel,Sal 8,2

14og han hev lyft upp eit horn for sitt folk til ein lovsong for alle sine trugne, for Israels born, det folk som er han nær. Halleluja!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help