Amos 8 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Amos ser ei ny syn, som skal visa at Israel er moge for domen, og at enden er komen, so klagerop yver dei mange falne skal koma i staden for dei gledesongane som ein no høyrer i slotti, 1-3. For miskunnløysa, gjerugskapen og den svikfulle åtferdi åt dei rike skal Herren brått lata ei svær ulukke-natt koma yver landet og gjera gleda åt folket um til den djupaste sorg, 4-10. I denne tidi skal dei som no dyrkar avgudane, i si store naud leita etter Herrens ord med ihuge, men ikkje finna det, og setja til i sin armodsdom, 11-14.

1So let Herren, Israels Gud, meg sjå denne syni: Der stod ei korg med mogi frukt.

2Og han sa: Kva ser du, Amos? Eg svara: Ei korg med mogi frukt. Då sa Herren til meg: Enden er komen for Israel, folket mitt; eg vil ikkje lenger hava tol med deira synd.

3Songane i slottet vert til øying den dagen, segjer Herren, Israels Gud; der ligg lik i mengd, stilt vert dei slengde til sides alle stader.

4Høyr dette, de som hev hug til å gløypa den fatige og tyna dei spaklyndte i landet,

5de som segjer: Når er nymåne-dagen slutt, so me kann få selja korn, og sabbaten, so me kann få opna kornburi og gjera efaen liten og sekelen stor og driva fusk med vekti

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help