Høgsongen 2 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Bruri liknar seg med ei lilja, og brudgomen sannar ordi hennar, 1.2. Ho prisar han, skildrar kor ho lengtar etter kjærleiken hans, og kor sæl ho er av di ho eig han, og bed at ikkje må verta uroa, 3-7. Bruri segjer seg glad for di brudgomen kjem til henne og forkynnar at det er slutt med trengsletidi hennar, og bed henne gleda han med sin fagre skapnad og sin vene song, 8-14. Ho ynskjer at vingarden, som stend i bløming, må verta verna mot dei som vil skada han, segjer seg glad for at ho og brudgomen høyrer kvarandre til, og bed i avskilstundi at han må koma att, 15-17.

1Ein engblom frå Saron er eg, ei lilja frå dalane.

2Ja, som ei lilja millom klunger, so er min hugnad millom møyar.

3Som ein apal millom trei i skogen, so er min ven millom sveinar; i skuggen hans hev eg å hug å sitja, og frukti er søt for min gom.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help