2. Kongebok 11 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Då Atalja, mor åt Akasja, fær høyra at sonen er avliden, drep ho heile kongslyden so nær som Joas, som presten Jojada løyner i templet, 1-3. Sjuande året deretter fær Jojada Joas kåra til konge, og Atalja vert drepi, 4-16. Jojada gjer ei pakt millom Herren og kongen og folket og fær gjort ende på Ba'als-dyrkingi; Joas set seg på kongsstolen; landslyden er nøgd, 17-21.

1Då Atalja, mor åt Akasja, fekk vita at sonen hennar var avliden, tok ho seg fyre å øyda heile kongeætti.

3Sidan gøymde ho han hjå seg i Herrens hus i seks år, medan Atalja rådde i landet.

4Men det sjuande året sende Jojada bod etter Hovdingane for livvakti. Han bad dei koma inn til seg i Herrens hus og gjorde ei pakt med dei og tok dei i eid der i Herrens hus. So synte han dei kongssonen

13Då Atalja høyrde ropet frå drabantane og folket, gjekk ho dit dei var - inn i Herrens hus.

14Der fekk ho sjå at kongen stod på den høge tramen, som skikken var, og hovdingane og lurblåsarane stod innmed han, og ho høyrde korleis heile landslyden jubla og bles i lurane. Då reiv ho sund klædi sine og ropa: Uppreist, uppreist!

15Men Jojada, presten, sa til hovdingane som hadde rådvelde yver herfolket: Leid henne ut millom rekkjone, og fylgjer nokon etter henne, so hogg han ned! For presten hadde sagt: Ho må ikkje drepast i Herrens hus!

16So gjekk dei til sides for henne til båe sidor, og ho gjekk fram etter den vegen som hestane plar køyra inn i kongsgarden; der let ho livet.

17Sidan gjorde Jojada ei pakt millom Herren og kongen og folket at dei skulde vera Herrens folk; millom kongen og folket gjorde han og ei pakt.

18Og heile landslyden gjekk inn i templet åt Ba'al og reiv det ned. Altari hans og bileti hans slo dei reint i knas, og Mattan, presten åt Ba'al, drap dei framanfor altari. Og presten sette folk til å hava tilsyn med Herrens hus.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help