1Og Elihu tok til ords att og sa:
2Meiner du vel at det er rett, du som hev sagt: Eg er rettvisare enn Gud,
3at so du spør: Kva gagnar det meg, kva bate hev eg um eg ikkje syndar?
11han som gjev oss meir vit enn dyri uti marki og gjer oss vise framum fuglane i lufti?
12Då fær dei ropa utan svar um hjelp mot ovmod hjå dei vonde.
13Visst høyrer ikkje Gud på tome ord, slikt ansar ikkje den Allmektige.Joh 9,31; Hebr 11,6
14Jamvel når du segjer at du ikkje ser han, so ser han nok di sak, og du lyt bia på han.Job 23,8-9
15Men no, av di du ikkje gjer det, heimsøkjer han deg i sin vreide, han aktar ikkje stort på ovmods-ord.
16Og Job let upp sin munn med fåfengd, han brukar mange ord, fåvitug som han er.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.