Job 30 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Men no, segjer Job, hev det vorte reint annarleis med han. Han som fyrr var so høgt vyrd, vert no hædd og ille medfaren av ærelause folk, 1-15. Han som fyrr var so lukkeleg, er no dag og natt plaga av ein pinefull og tærande sjukdom, og når han ropar til Gud, fer Gud berre endå hardare fram mot han, og til sist vil han taka livet hans, 16-23. Når so er, kann han ikkje anna enn ropa um hjelp, og han hev rett til å verta høyrd, etter di han sjølv fyrr hev hjelpt dei som var ulukkelege. Han lyt vel klaga; for ulukka hev kome yver han i staden for den lukka han hadde venta; sjukdomen gjev han aldri ro, tvingar han til å jamra seg og hev gjort han til den grøtelege skapnaden han no er. Soleis hev den gleda han hadde fyrr, vorte til den djupaste sorg, 24-31.

1Men no er eg til lått for dei som yngre er av år enn eg, for born av feder som eg ikkje vyrde so mykje at eg vilde setja dei millom mine gjætarhundar.

2Kva hjelp kunde eg elles hava av dei, dei som hev mist all manndomskraft?

3Uttalma er dei av naud og svolt; dei gneg på turre øydemoen, som alt i går var reine audni;

4dei plukkar melde millom kjørri, og einerot hev dei til mat.

5Frå folket vert dei jaga ut; ein ropar etter dei som etter tjuvar.

6I fæle klufter lyt dei bu, i holone i jord og berg.

7Dei skrålar millom buskone og samlar seg i netlerunnar,

8born etter dårar, etter ærelause folk, jaga med hogg og slag or landet.

9Og no er eg eit slengjestev for dei, og til eit ordtak hev dei meg.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help