1Til songmeisteren etter «Morgonrodens hind»
2Min Gud! Min Gud! Kvi hev du forlate meg? Dei ord eg skrik ut, er langt burte frå mi frelsa.
22Frels meg frå løvegap, og frå villuksehorn - du bønhøyrer meg!
23Eg vil kunngjera ditt namn for mine brør, midt i lyden vil eg lova deg.Sal 26,12; 40,10-11; Hebr 2,12
24De som ottast Herren, lova han, all Jakobs ætt, æra han, og hav age for han, all Israels ætt!
25For han hev ikkje vanvyrdt og ikkje stygst ved ein armings armodsdom og ikkje løynt si åsyn for han; men då han ropa til han, høyrde han.Sal 9,13
26Frå deg kjem min lovsong i ein stor lyd; eg vil halda mine lovnader for deira augo som ottast han.Sal 66,13-15; 116,14
27Dei spaklyndte skal eta og verta mette; dei som søkjer Herren, skal lova han; hjarta dykkar leve til æveleg tid!Sal 69,33; Jes 65,13-14; Matt 5,5-6
28Alle endane av jordi skal koma det i hug og venda um til Herren, og alle folkeætter skal tilbeda for di åsyn.Sal 72,11; 102,23
29For riket høyrer Herren til, og han råder yver folkeslagi.Sal 47,9; 96,10
30Alle rikmenn på jordi skal eta og tilbeda; for hans åsyn skal dei bøygja kne alle dei som stig ned i moldi, og den som ikkje kann halda si sjel i live.Sal 22,27
31Etterkomarane skal tena han; det skal verta fortalt um Herren til den ætti som kjem.Sal 102,19
32Dei skal koma og kunngjera hans rettferd for det folk som vert født, at han hev gjort det.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.