1Brør og feder! Høyr på meg når eg no ber verjemålet mitt fram for dykk!Apg 7,2
2Då dei høyrde at han tala til dei på hebraisk, heldt dei seg endå rolegare.
3Eg er ein jødisk mann, sa han, og er fødd i Tarsus i Kilikia, men fostra her i byen. Ved Gamaliels føter hev eg sete og vorte upplærd med stor grannskap i fedrelovi vår, og eg var likso ihuga for Gud som de alle er i dag.2 Kor 11,22; Apg 5,34; Rom 10,2; Gal 1,14
4Eg forfylgde Guds veg på harde livet, batt både menn og kvinnor og fekk sett dei i fengsel.Apg 8,3; 9,1-2; 1 Kor 15,9
5Det kann øvstepresten og heile eldsterådet sanna; dei gav meg endå brev med til brørne i Damaskus, og eg tok av stad og vilde føra dei som var der, bundne til Jerusalem, so dei skulde få refsing.
6Men då eg var på vegen og alt var komen burtimot Damaskus, hende det brått ved middagsleite at eit sterkt ljos frå himmelen glima rundt ikring meg.Apg 9,3-19; 26,12-23
7Eg stupte åt jordi og høyrde ei røyst som sa til meg: Saul, Saul, kvi forfylgjer du meg?
8Kven er du, Herre? spurde eg. Eg er Jesus frå Nasaret, han som du forfylgjer, svara han.
9Dei som var med meg, såg ljoset, men høyrde ikkje målet av den som tala til meg.
10Kva skal eg gjera, Herre? spurde eg. Og Herren svara: Reis deg upp og gakk til Damaskus! Der skal dei tala til deg um alt som er sett deg fyre å gjera.
11Eg kunde ikkje sjå, so sterk hadde glima av ljoset vore; men dei som var med meg, tok meg i handi og leidde meg, og soleis kom eg til Damaskus.
12Ananias, ein gudleg mann, som heldt seg etter lovi og hadde godt lov av alle jødane som budde der,
13kom til meg og stod framfyre meg og sa: Saul, bror, sjå upp! Og i same stundi fekk eg att syni og såg upp på han.
14Då sa Ananias: Han som er Gud åt federne våre, hev kåra deg ut til å kjenna hans vilje og sjå den rettferdige og høyra røysti frå hans munn;Apg 3,14; 7,52; 1 Joh 2,1
15for du skal vera han eit vitne for alle menneske um det du hev set og høyrt.
16Og no, kvi tøvrar du? Kom og lat deg døypa og två rein for syndene dine, medan du kallar på hans namn!Matt 3,11; Apg 2,38
17Sidan, då eg var komen attende til Jerusalem og bad i templet, bar det so til at det kom ei burtrykning på meg,Apg 9,26; 10,10; 2 Kor 12,2
18og eg såg han, og høyrde han sa til meg: Skunda deg! Far snøgt burt frå Jerusalem! For dei kjem ikkje til å taka imot ditt vitnemål um meg.
19Herre, svara eg, dei veit sjølve at eg sette dei som trudde på deg, i fengsel og hudflengde dei kring i synagogone,
20og då blodet åt Stefanus, vitnet ditt, rann, stod eg og innmed og lika det vel og tok vare på klædi åt dei som slo han i hel.Apg 7,58; 8,1
21Då sa han til meg: Tak i veg! Eg vil senda deg til heidningfolk langt burte.Apg 9,15; 13,2; Gal 1,16; 2,8; Ef 3,8; 1 Tim 2,7
22So langt lydde dei på han; men då dei høyrde det ordet, sette dei i eit skrik og ropa: Burt med han! Slik ein skulde ikkje hava lov til å leva på jordi!Apg 21,36
23Og dei hua og reiv av seg klædi og føykte dust upp i veret.
24Då let hovdingen Paulus førast inn i borgi, og sa til folki sine at dei skulde forhøyra han med svepeslag, so han kunde få vita kvi dei ropa so imot han.
25Men då dei la han til rettes for svepa, sa han til hovudsmannen, som stod innmed: Hev de lov til å hudflengja ein Roma-borgar, og det forutan lov og dom?Apg 16,37
26Då hovudsmannen høyrde det, gjekk han til hovdingen og sa frå um det. Kva tenkjer du på? sa han; denne mannen er ein Roma-borgar.
27Då kom hovdingen hit til Paulus og sa til han: Seg meg, er du Roma-borgar? - Ja, svara han.
28Eg hev gjeve ut ein stor sum for å få den borgarretten, sa hovdingen. Eg er fødd med han diheller, sa Paulus.
29Dei som skulde forhøyra han, gjekk då med ein gong ut ifrå han, og hovdingen vart og redd då han fekk vita at han var Roma-borgar, og av di han hadde bunde han.
30Men han vilde hava full greida på kva det var jødane klaga han for; difor løyste han han dagen etter or bandi, og sa øvsteprestane og heile rådet til å koma i hop. So henta han Paulus ned og førde han fram for dei.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.