1Men David tenkte med seg: Ein dag kjem eg no like vel til å falla for Sauls hand; eg hev ikkje noko godt i vente. Eg vil røma til Filistarlandet; då lyt Saul halda upp å leita etter meg kring i heile Israelsriket, og eg slepp utor hendene hans.
2So tok han ut med dei seks hundrad mann som fylgde han, og for yver til Akis Maoksson, kongen i Gat.1 Sam 21,10
3Og David vart buande i Gat, hjå Akis, både han og mennene hans, kvar med sin huslyd; sjølv hadde han båe konone sine med, Akinoam frå Jisre'el og Abiga'il frå Karmel, enkja etter Nabal.1 Sam 25,42-43; 30,5
4Og då Saul fekk spurt at han hadde rømt til Gat, leita han ikkje etter han lenger.
5Då det leid um eit bel, sa David til Akis: Kjære deg, hev du noko godvilje for meg, so lat meg få ein bustad i ein av landsbyane! Kvifor skal tenaren din bu hjå deg i kongestaden?
6Då let Akis han same dagen få Siklag; difor hev Siklag høyrt Juda-kongane til alt til denne dag.Jos 15,31; 1 Krøn 12,1
7Det var i alt eitt år og fire månader David budde i Filistarlandet.
8David og mennene hans drog jamleg ut i strid og herja på gesuritane og girsitane og amalekitane; det var dei folki som frå gamalt budde i det landet som rekk burtimot Sur og alt til Egyptarlandet.
9Og kvar gong han herja i landet, let han korkje kar eller kvinna få leva; men småfe og storfe og asen og kamelar og klæde tok han med seg og for so heim att. Når han då kom til Akis,
10og Akis spurde: De hev vel ikkje herja nokon stad i dag? svara han: Jau, i sudlandet, både millom Juda-mennene og millom jerahme'elitane og kenitane.
11Det fanst ikkje mann eller kvinna som David let leva eller tok med seg til Gat; for han tenkte som so: Dei kunde fortelja eitkvart um oss og segja: So og so hev David gjort. Soleis for David åt all den tid han budde i Filistarlandet.
12Men Akis trudde David vel og tenkte: Han hev visst fenge eit uord på seg hjå Israel, sitt eige folk, og no kjem han til å vera min mann for all tid.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.