Esekiel 15 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Liksom eit vilt vintre ikkje duger til anna enn til å brennast upp, serleg når det er svide, soleis hev det villfarande og mest heilt øydelagde Israel ikkje anna å venta enn fullkomen undergang, 1-8.

1Herrens ord kom til meg, og det lydde so:

2Menneskeson! Kva fyremun hev veden av vintreet framfor annan ved, den vintre-renningen som hev runne millom trei i skogen?

3Tek ein ved av vintreet og brukar til noko slag gagnved? Eller lagar nokon ein nabb av han til å hengja noko slag bunad på?

4Nei, ein nører elden med han; elden brenner båe endane, og midluten vert sviden; duger han vel då til vyrke?Joh 15,6

5Ikkje ein gong medan han var heil, var han brukande til vyrke; kor mykje minder når elden hev brent på han, og han er sviden! Skulde det då vera brukande til vyrke?

6Difor segjer Herren, Israels Gud, so: Som det gjeng med veden av vintreet millom trei i skogen, den som eg nører elden med, soleis gjer eg og med Jerusalems-buane.

7Eg vil kvessa augo imot dei; dei hev sloppe ut or elden, men elden skal endå øyda dei, og de skal sanna at eg er Herren, når eg kvesser augo imot dei.

8Og eg vil gjera landet til ei audn, for di dei hev fare svikfullt åt segjer Herren, Israels Gud.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help