1Dina, dotter åt Jakob og Lea, gjekk ein gong ut og vilde sjå på døtterne i landet.
8Då tala Hamor tala med dei og sa: Sikem, son min, hev huglagt dotter dykkar; kjære vene, lat han få henne til kona!
9Lat oss gifta borni våre i hop; gjev oss døtterne dykkar, og tak de våre døtter!
10Og gjev dykk so til hjå oss! De hev heile landet fyre dykk! De kann få bu og fara fritt ikring i landet og få dykk eigedomar her.
11Og Sikem sa til far hennar og brørne hennar: Kunde eg berre få gjort dykk blide på meg! Det de krev av meg, skal de få.
12Krev so mykje de vil av meg i festargåva og andre gåvor! Eg skal gjeva det de vil hava, berre eg fær møyi til kona!
13Men sønene hans Jakobs svara Sikem og Hamor, far hans, med svikfulle ord, for di han hadde skjemt ut Dina, syster deira.
14Dei sa: Me kann ikkje gjera og gjeva syster vår til ein mann som hev huvehold; det vilde vera ei vanæra for oss.
15Berre på det vilkåret kann me laga oss etter dykk, at de vert liksom me, og alle karar hjå dykk vert umskorne.
16Då skal me gjeva dykk døtterne våre og taka dykkar døtter til konor, og bu hjå dykk, so me vert eitt folk.
17Men vil de ikkje lyda oss og lata dykk umskjera, so tek me syster vår og fer burt.
18Og dei tykte vel um ordi deira, både Hemor og Sikem, son hans Hemor.
19Og sveinane drygde ikkje, men gjorde dette. For han heldt av dotter hans Jakob, og han var den gjevaste i heile ætti si.
20So møtte Hemor og Sikem, son hans, til tings i byen sin, og dei tala til bymennene og sa:
21Desse mennene vil gjerne vera vener med oss. Dei vil gjeva seg til her og fara kring i landet, og de veit at landet er vidt nok åt dei til alle kantar. Me skal taka døtterne deira til konor og gjeva dei våre døtter.
22Men berre på eitt vilkår vil dei laga seg etter oss og bu hjå oss, so me vert eitt folk, og det er at alle karar hjå oss vert umskorne, som dei er sjølve.
23Buskapen deira og godset deira og alle kløvdyri deira, vert ikkje alt det vårt når me berre lagar oss etter dei, so dei gjev seg til hjå oss?
24Og dei lydde dei Hamor og Sikem, son hans, alle som åtte heime der i byen; og alle karar, dei som åtte heime der i byen, vart umskorne.
25So hende det den tridje dagen, då dei var sjuke av verken, at tvo av sønene hans Jakob, Simeon og Levi, sambrørne hennar Dina, tok kvar sitt sverd og storma inn i byen medan folki var trygge, og drap alle karar.1 Mos 49,5-6
26Hamor og Sikem, son hans, hogg dei dei og ned med kvasse sverd, og dei tok Dina ut or huset hans Sikem og drog burt.
27Sønene hans Jakob kom yver dei som falne var, og herja byen, for di dei hadde skjemt ut syster deira.
28Dei tok sauene og nauti deira og asni deira, både det som var i byen og det som var på marki.
29Og alt godset deira og alle borni og kvinnone deira rana dei og drog av med, og alt som i husi var.
30Då sa Jakob til Simeon og Levi: De hev gjort meg ei stor sorg. De hev valde at eg fær eit uord på meg hjå landslyden, kana'anitane og ferisitane. Me er då berre ein liten flokk, og samlar dei seg imot meg, so kjem dei til å slå meg i hel og tyna både meg og mitt hus.
31Men dei svara: Skulde han fara åt med syster vår som med ei skjøkja?
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.