1Ord av preikaren, son åt David, konge i Jerusalem.Ordt 1,1
2Berre fåfengd, segjer preikaren, berre ideleg fåfengd! Alt er fåfengd.Fork 12,8
3Kva vinning hev mannen av alt sitt strev, som han møder seg med under soli?Fork 2,22; 3,9
4Ætt gjeng, og ætt kjem, men jordi stend æveleg.
5Og soli renn, og soli glader, og ho skundar seg dit att der ho plar renna.
6Vinden gjeng imot sud og snur seg mot nord; han snur seg og snur seg medan han gjeng, og tek so på att med kringlaupet sitt.
7Alle bekker renn ut i havet, men havet vert ikkje fullt; dit som bekkene fyrr hev runne, held dei alltid på å renna.
8Allting maurar og strevar so ingen det ut kann segja; ikkje vert auga mett av å sjå, og ikkje vert øyra fyllt av å høyra.
9Det som hev vore, er det som skal vera, og det som hev hendt, er det som skal henda; det finst inkje nytt under soli.Fork 3,15
10Skulde dei segja um noko: Sjå, dette er nytt - so hev det longe vore til, i framfarne tider som var fyre oss.
11Det er ingen som minnest dei som fyrr hev levt, og dei som sidan skal koma, vil ikkje heller leva i minnet hjå dei som etterpå kjem.
12Eg, preikaren, var konge yver Israel i Jerusalem.Fork 1,1
13Eg la hugen på å granska og å ransaka med visdom alt det som hender under himmelen; det er ei leid plaga, som Gud hev gjeve mannsborni å plagast med.
14Eg såg på alt det som hender under soli, og so var det fåfengd og jag etter vind alt i hop.Fork 1,2; 2,11
15Det som er boge, kann ikkje beinkast, og det som vantar, kann ingen rekna med.Fork 7,13
16Eg tenkte med meg sjølv: Sjå no hev eg vunne meg større og rikare visdom enn alle dei som hev rådt yver Jerusalem fyre meg, og hjarta mitt hev skoda mykje visdom og kunnskap.1 Kong 3,12
17So la eg hugen på å skyna visdomen og skyna dårskap og vitløysa, men eg skyna at det var jag etter vind det og.Fork 2,12
18For med mykje visdom fylgjer mykje sut, og aukar du kunnskap, so aukar du kvida.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.