Jeremia 33 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Medan Jeremias endå sit i fengslet, forkynner Herren han på nytt lag at Jerusalem nok skal verta lagt øyde, men at han sidan vil føra folket heim att, reinsa det frå alle synder, gjera den uppatt-bygde byen til pryda og pris for alle folk og fylla landet med liv og gleda, 1-13. Um riket og templet fell, skal det ikkje vera slutt med kongedømet og prestedømet, men Herren skal (i Messias) reisa upp ein konge og prest for Israel; Herren skal aldri vanda Israel meir, men gjera det til eit stort folk av kongar og prestar og soleis lata si pakt med David, Levi og Jakob verta standande fast og urikkande, 14-26.
1Og Herrens ord kom til Jeremias andre gongen, medan han endå sat innestengd i vaktgarden, og det lydde so: