1Kor fager du er, min hugnad, kor fager du er! Dine augo er duvor bak sløret ditt; håret ditt er som ein geiteflokk som lægrar seg nedetter Gileadfjellet.Høgs 6,5
2Dine tenner er som ein flokk med nyklypte sauer, nett komne or lauget; tvillingar hev dei alle, og ingen av dei er utan lamb.
3Dine lippor er som ei skarlaksnor, og munnen er ljuvleg; som eit granateple-brot er din tinning bak sløret ditt.Høgs 6,7
4Din hals er som Davidstårnet, bygt til våpenhus; tusund skjoldar heng på det, alle skjoldar åt kjempone.Høgs 7,4
5Barmen er som tvo rådyrkalvar, tvillingar til eit rådyr, som beiter millom liljor.Høgs 7,3
6Når dagen vert sval og skuggane flyr, vil eg ganga til Myrraåsen og Røykjelsehaugen.Høgs 2,17
7Alt er fagert ved deg, min hugnad, det finst ikkje lyte på deg.Høgs 1,15; 2,14; Ef 5,27; Kol 1,22; Op 14,5
8Kom med meg frå Libanon, brur, kom med meg frå Libanon! Skoda ut frå Amanas tind, frå toppen av Senir og Hermon, frå løveheimar, frå panterfjell.
9Du hev teke min hug, mi syster, mi brur! Du hev teke min hug med eit einaste augnekast, med ei av lekkjone um din hals.Høgs 1,10
10Kor din kjærleik er fager, mi syster, mi brur! Kor mykje betre din kjærleik er enn vin, og angen av dine salvar enn alle angande urter!
11Av honning dryp dine lippor, mi brur. Honning og mjølk er under di tunga, og angen av klædi dine som angen av Libanon.Ordt 16,24
12Ein avstengd hage er mi syster, mi brur, ei avstengd olla, ei forsigla kjelda.
13Du skyt upp som ein park av granattre med gildaste frukt, av cyperbuskor og nardeblom,Høgs 1,14; Sal 92,13-16; Gal 5,22-26
14med narde og safran, kalmus og kanel og angetre av alle slag, myrra og aloëtre og alle dei beste angande urter.
15Ei kjelda i hagane er du, ein brunn med levande vatn og bekker frå Libanon.Joh 4,14; 7,38
16Vakna, nordanvind, og kom, du sunnanvind! Blås gjenom hagen min, so angen fær strøyma! Gjev min ven vilde koma til hagen sin og eta hans ovgilde frukt!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.