1. Peter 4 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Dei skal vara seg vel og ikkje lata seg lokka av heidningane til å vera med på deira lastefulle liv, jamvel um dei lyt tola hæding og spott av fiendane sine; fiendane skal gjera Gud rekneskap for vonskapen sin, 1-6. Dei skal tenkja på at enden er nær, og halda seg budde til den, med di dei vakar og bed og elskar kvarandre og tener kvarandre både timeleg og åndeleg, 7-11. Dei må ikkje støyta seg på lidingane sine og ikkje syrgja yver dei, men gleda seg yver at dei fær lut i Kristi lidingar, og akta seg so ikkje sjølve vert årsak til at dei lyt lida, 12-19.
1Sidan no Kristus hev lide i kjøtet, so væpna de dykk med den same tanken, at den som hev lidi i kjøtet, er ferdig med syndi,