Apostelgjerningane 18 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Paulus kjem til Korint og forkynner evangeliet der; jødane vandar vitnemålet hans, og Paulus vender seg til heidningane. Herren manar han til å tala med frimod; han vert verande der i eit år og seks månader, 1-17. So fer han til Antiokia att og fullendar soleis andre misjonsferdi si, 18-22. Ei tid etter tek han ut på ei ny ferd, til Galatia og Frygia, 23. Apollos lærer i Efesus, fær meir rettleiding av Akvilas og Priskilla, dreg til Akaia, 24-28.
1Sidan tok han ut frå Aten og for til Korint.
2Der råka han ein jøde som heitte Akvilas og var fødd i Pontus; han var nyst komen frå Italia med Priskilla, kona si, av di Klaudius hadde sagt fyre at alle jødar skulde hava seg burt frå Rom. Dei gav han seg i lag med;