Jeremia 23 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Jeremias ropar ve yver dei låke kongane, som vansteller, tyner og spreider Herrens folk; Herren vil straffa dei, men på nytt samla sitt spreidde folk og i ein mann av Davids ætt (Messias) gjeva det ein konge som skal styra med rettferd og frelsa det, 1-6. Frelsa frå den komande utlægdi skal verta mykje herlegare enn frelsa frå Egyptarland i gamle dagar, 7.8. Han skildrar so gudløysa åt dei falske profetane og den skadelege innverknaden dei hev på folket, og varslar harde straffedomar yver dei, 9-15. Han manar folket til å vara seg for dei. Herren hev ikkje sendt dei; det er berre sine eigne tankar dei ber fram; for dei forkynner fred og lukka for dei ugudelege i staden for å kalla folket til umvending, 16-22. Herren, den allvitande, veit at profet-draumane deira, som ikkje eig krafti i hans ord, men som dei stel frå kvarandre, og som dei brukar til å venda folket burt frå han med, er lygner som kjem frå deira eige hjarta, og han vil ikkje lata dei sleppa straff, 23-32. Alle dei som spottande kallar Herrens ord ei byrd, skal Herren kasta burt som ei byrd, segjer profeten, 33-40.

1Usæle dei hyrdingar som tyner og spreider den hjordi som eg beiter, segjer Herren.

7Sjå, difor skal dei dagar koma, segjer Herren, då dei ikkje lenger skal segja: So visst som Herren lever, han som førde Israels-borni ut or Egyptarlandet,

11For både profet og prest er gudlause; jamvel i huset mitt hev eg funne vondskapen deira, segjer Herren.

12Difor skal vegen deira verta for dei som sleip-flekker i myrkret; dei skal støyta seg so dei dett der; for eg let ulukka koma yver dei det året heimsøkjingi kjem, segjer Herren.

34Og den profet og den prest og den mann i folket som segjer: Herrens byrd, den mannen og hans hus vil eg heimsøkja.

35So skal de segja kvar til sin næste og kvar til sin bror: Kva hev Herren svara? Kva hev Herren tala?

36Men «Herrens byrd» skal de ikkje nemna lenger

37So skal du segja til profeten: Kva hev Herren svara deg? Kva hev Herren tala?

38Men segjer de «Herrens byrd», då segjer Herren so: Av di de segjer dette ordet «Herrens byrd», endå eg sende bod til dykk og sa: De skal ikkje segja «Herrens byrd»,

39sjå, difor vil eg reint gløyma dykk og kasta dykk og byen som eg gav dykk og federne dykkar, burt frå mi åsyn,

40og eg vil leggja på dykk ei æveleg skam og ei æveleg vanæra, som aldri skal gløymast.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help