1Høyr dette ordet som Herren hev tala imot dykk, de Israels-born, mot heile den ætti som eg hev ført upp frå Egyptarlandet:
2Einast dykk vilde eg kjennast ved av alle ætter på jordi; difor vil eg heimsøkja dykk for alle misgjerningane dykkar.5 Mos 4,34.20.8; Hos 13,5
3Tru tvo gjeng i lag utan dei vart samde um det?
4Tru løva burar i skogen utan ho hev funne eit rov? Let ungløva høyra sitt mål frå hiet utan ho hev veidt eitkvart?
5Tru fuglen fell i snara på marki utan at snara er sett for han? Sprett snara upp frå marki, tru, utan at noko sit fast?
6Eller ljomar vel luren i ein by utan at folket fær støkk? Eller hender ei ulukka i ein by utan at Herren hev gjort det?Jes 31,2; Klag 3,37-38; Mi 1,12
7For Herren, Israels Gud, gjer ingen ting utan at han hev forkynt si løynråd for tenarane sine, profetane.Op 1,1
8Når løva burar, kven lyt ikkje reddast då? Når han talar Herren, Israels Gud, kven lyt ikkje då tala profetord?Jer 20,7
9Ropa ut i slotti i Asdod og i slotti i Egyptarland, seg: Samla dykk på Samariafjelli og sjå for ei uro der er, og for valdsverk som råder der!5 Mos 28,22
10Dei veit ikkje å gjera det som rett er, segjer Herren, dei som haugar upp valdsverk og tjon i slotti sine.
11Difor, so segjer Herren, Israels Gud: Fiendar skal koma og kringsetja landet. Dei skal støyta ned borgi di, so du misser di vern, og slotti dine skal verta plundra.
12So segjer Herren: Som hyrdingen bergar or løvegapet tvo leggbein eller ein øyrelapp, so skal Israels born verta berga, dei som sit i Samaria i sofakråi og på putor av damask.Am 6,4
13Høyr og vitna mot Jakobs hus, segjer Herren, Israels Gud, allhers Gud:
14Den dagen eg heimsøkjer Israel for deira misgjerningar, då vil eg heimsøkja Betels altar, so altarhorni vert avhogne og fell til jordi;Hos 10,15
15både vinterhus og sumarhus vil eg slå ned, og filsbeinhusi skal siga i røys, og mange hus skal verta øydde, segjer Herren.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.