1So kom heile Israel i hop hjå David i Hebron og sa: Du veit me er same folket, me og du.2 Sam 5,1-6
2Alt for lenge sidan, endå medan Saul var konge, var det du som gjekk fyre Israel, både ut i striden og heim att, og Herren din Gud sa til deg: Du skal gjæta Israel, folket mitt, og du skal vera fyrste yver Israel, folket mitt.1 Sam 13,14
3Alle styresmennene i Israel kom til kongen i Hebron. Då gjorde David ei pakt med dei der for Herrens åsyn, og dei salva han til konge yver Israel, soleis som Herren hadde sagt gjenom Samuel.1 Sam 16,13
4So drog David og heile Israel til Jerusalem - det er det same som Jebus; der budde jebusitane; dei åtte heime der i landet frå gamalt.
5Då sa Jebus-buane til David: Hit inn kjem du aldri! Men David tok Sionsborgi, no heiter ho Davidsstaden.2 Sam 5,6-16
6Den gongen sa David: Den som fyrst slær jebusitane, han skal verta hovding og førar. Joab Serujason, var den som kom fyrst upp, og han vart hovding.
7David sette seg til i borgi; difor kalla dei henne Davidsstaden.
8Han bygde byen rundt ikring, frå Millo og alt ikring, og Joab bygde upp att resten av byen.
9Sidan auka Davids velde meir og meir, og Herren, allhers Gud, var med han.
10No skal me nemna dei gjævaste av kjempone hans David, dei som saman med heile Israel studde han manneleg i kongedømet hans, so han skulde verta konge etter Herrens ord um Israel -2 Sam 23,8-39
11dei kjempone skal me no rekna upp: Fyrst er det Jasobam, son åt Hakmoni, hovding yver drabantane; han svinga spjotet sitt yver tri hundrad falne på ein gong.1 Krøn 27,2
12Etter han kom Eleasar, son åt Dodo, son åt Ahohi; han var ein av dei tri kjempone.1 Krøn 27,4
13Han var med David i Pas-Dammim då filistarane hadde samla seg og baud ufred. Det var ein tett byggåker der. Då so folket rømde for filistarane,1 Sam 17,1
14tok dei støde midt åkeren og berga han og hogg ned filistarane. Soleis let Herren dei vinna ein stor siger.
15Ein gong for tri av dei tretti hovdingane nedetter berget til David, som var Adullamshelleren. Filistarheren hadde då lægret sitt i Refa'imdalen.1 Sam 22,1
16David var den gongen sjølv i borgi, og ein av utpostane åt filistarane var i Betlehem.
17Då fekk David brått ein sterk hug og sa: Gjev einkvan vilde lata meg få ein vassdrykk or den brunnen som er innmed porten i Betlehem!
18Då braut desse tri seg gjenom filistarlægret og auste vatn upp or brunnen som er innmed porten i Betlehem, og tok det med seg og kom til David med det. Men han vilde ikkje drikka det - han auste det ut for Herren.
19Og han sa: Gud frie meg frå å gjera slikt! Skulde eg drikka blodet åt desse mennene som hev våga livet sitt? For dei våga livet sitt då dei henta det. Han vilde ikkje drikka det. Dette gjorde dei tri kjempone.
20So var det Absai, bror hans Joab; han var førar for dei tri. Han svinga spjotet sitt yver tri hundrad falne. Han hadde eit stort namn millom dei tri.
21Han var ein gong til so mykje vyrd som nokon annan i dette tritalet og vart hovdingen deira; men han nådde ikkje so høgt som dei tri.
22So var det Benaja Jojadason, som var son åt ein djerv og dådrik stridsmann frå Kabse'el. Han felte dei tvo løvekjempone frå Moab. Ein snøversdag steig han ned i ein brunn og drap ei løva.
23Like eins felte han ein egyptisk rise, som var fem alner høg. I handi hadde egyptaren eit spjot som ein vevar-rév. Men Benaja gjekk på han med staven sin, reiv spjotet ut or handi hans og drap han med hans eige spjot.1 Sam 17,7.40
24Dette gjorde Benaja Jojadason. Han hadde eit stort namn millom dei tri kjempone.1 Krøn 27,6
25Framfor dei tretti var han æra, men han nådde ikkje so høgt som dei tri. David gav han rom millom næmaste rådgjevarane sine.
26Dei djervaste herkjempone var: Asael, bror hans Joab; Elkanan Dodoson frå Betlehem;2 Sam 2,18
27Sammot, haroriten; Heles, peloniten;1 Krøn 27,10
28Ira Ikkesson frå Tekoa; Abieser frå Anatot;
29Sibbekai av Husa-ætti; Ilai, ahohiten;
30Maharai frå Netofa; Heled Ba'anason frå Netofa;1 Krøn 27,13
31Itai Ribaison frå Gibea i Benjaminsfylket; Benaja frå Piraton;
32Hurai frå Ga'as-dalane; Abiel, arbatiten;
33Asmavet frå Baharum; Eljahba, sa'alboniten;
34Bene-Hasem frå Gison; Jonatan Sageson av Harar-ætti;
35Akiam Sakarsson av Harar-ætti; Elifal Ursson;
36Hefer frå Mekera; Akia, peloniten;
37Hesro frå Karmel; Na'arai Esbaison;
38Joel, bror åt Natan; Mibhar Hagrison;
39Selek frå Ammon; Nahrai frå Berot, våpensveinen åt Joab Serujason;
40Ira frå Jattir; Gareb frå Jattir;
41Uria, hetiten; Sabad Ahlaison;2 Sam 11,3
42Adina Sisason av Rubens-ætti, ein av hovdingane åt rubenitane, og attåt han tretti mann;
43Hanan Ma'akason og Josafat, mitniten;
44Ussia, asteratiten; Sama og Je'uel, søner åt Hotam frå Aroer;
45Jediael Simrison og Joha, bror hans, tisiten;
46Eliel Hammahavim og Jeribai og Josavja, søner åt Elna'am, og Jitma frå Moab;
47Eliel og Obed og Ja'asiel Hammesobaja.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.