1So kom han til Jeriko og for fram igjenom byen.
2Der var det ein mann som heitte Sakkeus; han var ein høg tollmann og rik.
3Han hadde slik hug til å sjå Jesus, kven han var, men kunde ikkje koma til for folkemengdi; for han var liten på vokster.
4So sprang han i fyrevegen og kleiv upp i eit morbærtre, so han kunde få sjå han; for der laut han koma framum.
5Då Jesus kom dit, såg han upp og sa til han: Sakkeus, skunda deg og kom ned! I dag lyt eg vera hjå deg.
6Då skunda han seg ned, og tok imot Jesus med gleda.
7Alle som såg det, murra og sa seg imillom: Han gjeng inn til ein syndig mann og tek herbyrge der!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.