Forkynnaren 5 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Når ein talar til Gud, skal ein bruka få og vislege ord, 1.2; ein skal halda det ein lovar, 3-6, ikkje argast når fatigmannen vert trælka, ikkje vera vinnesjuk, for rikdom forgjengst, 7-16. Nåde frå Gud er det når ein kann njota Guds gåvor med gleda og i gudlegdom, 17-19.

1Ver ikkje for brå med munnen din, og lat ikkje hjarta forhasta seg med å bera fram noko ord for Gud! For Gud er i himmelen og du på jordi; lat difor ordi dine vera få!

6For med mange draumar fylgjer mykje fåfengd, og like eins med mange ord. Nei, du skal ottast Gud!

7Um du ser at fatigmannen vert trælka, og at dei trakkar rett og rettferd under føter i landet, so undrast ikkje på den ting! For den høgsette hev ein høgre til å vakta på seg, og ein som er høgst, vaktar på dei båe tvo.Fork 3,16; 4,1; Sal 82,1-7; Jes 5,23

8Og det er i alle høve ein fyremun for eit land at det hev ein konge som folket lyder.

9Den som elskar pengar, vert ikkje mett av pengar, og den som elskar rikdom, fær aldri nok; det er fåfengd det og.Fork 4,8; 1 Tim 6,9-10

10Di meir gods, di fleire til å tæra på det; og kva gagn hev eigaren av det, anna enn at han fær sjå det?

11Søt er svevnen for arbeidsmannen, anten han et lite eller mykje; men rikmannen fær ikkje sova for mette.

12Det finst noko syrgjeleg leidt, som eg hev set under soli: rikdom som eigaren hev gøymt til si eigi ulukka.Job 20,20-29

13Misser han denne rikdomen i eit uhende, og han hev fenge ein son, so vert det inkje att åt han.

14Slik som han kom ut or morslivet, skal han ganga burt att, so naken som han kom; og for strevet sitt fær han ingen ting som han kunde taka med seg.Job 1,21; Sal 49,17-18; 1 Tim 6,7

15Det og er syrgjeleg leidt: Plent som han kom, skal han ganga burt; kva vinning hev han då av det at han strevar burt i ver og vind?

16Attpå et han sitt brød i myrker heile livet, og stor harm lyt han dragast med, og sjukdom og sinne.

17Høyr no kva eg hev funne godt og fagert: at ein et og drikk og nyt det som godt er for alt strevet som ein mødest med under soli alle dei levedagar som Gud gjev han; for det er det gode som han fær.Fork 3,12.22; 8,15; 9,7

18Og so tidt Gud gjev ein mann rikdom og skattar og gjer han før til å njota godt av det og taka sin lut og gleda seg i strevet sitt, so er det ei gåva frå Gud;Fork 2,24; 3,13

19for då tenkjer han ikkje so mykje på levedagane sine, av di Gud svarar han med å gjeva han gleda i hjarta.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help