Jesaja 60 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Profeten spår um at Herrens ljos skal renna herleg i Sion, og at heidningane skal koma dit, 1-3. Sions-borni vert førde dit frå alle leider med rike gåvor og offer, 4-9. Heidningane - jamvel dei som fyrr trælka Sions-lyden - tener han og hjelper til å herleggjera han, 10-16. Med alle sine born skal Sion vera heilag og herleg; Herren vil sjølv vera æveleg ljos for henne, 17-22.

1Statt upp, vert ljos! For ljoset ditt kjem, og Herrens herlegdom renn upp yver deg.

8Kven er det som kjem fljugande som skyer, som duvor til sine hus?

9For på meg skal øylandi venta, og fremst gjeng Tarsis-skipi med borni dine langt burtanfrå, deira sylv og gull kjem med dei - for namnet åt Herren din Gud, for Israels Heilage skuld, for han gjer deg herleg.Jes 60,4

10Utlendingar skal byggja dine murar, og deira kongar skal tena deg; for i min harm hev eg slege deg, men i min nåde hev eg miskunna deg.Jes 49,16-17; 54,7-8

11Dine portar skal stødt standa opne, korkje dag eller natt skal dei stengjast, so eiga åt folki kann førast inn i deg, med kongane deira i fangeflokken.Jes 60,5; Op 21,24-27

12For det folk og det rike som ikkje vil tena deg, skal ganga til grunns, og heidningane verta reint tynte.

13Libanons herlegdom skal koma til deg, både cypress og løn og buksbom, til å pryda den stad der min heilagdom er, og den stad der føtene mine stend, vil eg herleggjera.Jes 35,2

14Bøygde skal borni åt trælkarane dine koma til deg, og alle dei som vanvyrde deg, skal kasta seg ned for føtene dine, og dei skal kalla deg Herrens by, Sion åt Israels Heilage.Sal 72,9; Jes 49,23

15Medan du fyrr var forlati og hata, so ingen tok vegen igjenom deg, vil eg gjera deg til ein æveleg herlegdom, til ei gleda for ætt etter ætt.Jes 62,4

16Du skal suga mjølk ifrå heidningfolki, ja, kongebrjost skal du suga, og du skal merka at eg, Herren, er din frelsar, og Jakobs Veldige din utløysar.Jes 49,23.26

17Gull let eg koma i staden for kopar, sylv let eg koma i staden for jarn; kopar i staden for tre og jarn i staden for stein, fred set eg til styremakt yver deg og rettferd til styrar åt deg.1 Kong 10,27; Jes 26,12; 1,26

18Ikkje meir skal ein høyra um vald i ditt land, um herfang og øyding innum grensone dine, og du skal kalla frelsa murane dine og lovsongen portane dineJes 26,1

19Ikkje skal soli lenger vera deg til ljos um dagen, og ikkje skal månen skina og lysa for deg; men Herren skal vera deg æveleg ljos, og din Gud skal vera din herlegdom.Op 21,23; 22,5; 2 Sam 22,29; Sal 27,1; Mi 7,8; Jak 1,17; 1 Joh 1,5-10

20Ikkje lenger skal soli di glada, og ikkje månen din missa sin glans; for Herren skal vera deg æveleg ljos, og dine syrgjedagar skal vera ute.

21Og ditt folk - dei er alle rettferdige; æveleg skal dei eiga landet; dei er då ein renning som eg hev planta, eit verk av mine hender til mi æra.Sal 37,11; Matt 5,5; Jes 57,13; 44,23; 61,3

22Den minste skal verta til tusund, og den ringaste til eit veldigt folk; eg, Herren, eg let det henda brått, i si tid.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help