1Då sa Herren til meg: Um so Moses og Samuel stod fram for mi åsyn, skulde mi sjel ikkje venda seg til dette folket like vel. Driv dei burt frå mi åsyn, lat dei fara!
3Fire slag heimsøkjingar byd eg då ut imot dei: sverdet til å drepa dei og hundane til å draga dei burt og fuglane i lufti og dyri på marki til å eta og øyda dei.
4Og eg vil lata alle kongeriki på jordi fara ille med dei for det som Manasse Esekiasson, Juda-kongen, gjorde i Jerusalem.
15Du veit det, Herre! Kom meg i hug og vitja meg og lat meg få hemn yver dei som forfylgjer meg! Riv meg ikkje burt, langmodig som du er mot dei! Tenk på at eg vert svivyrd for di skuld!
16Eg fann dine ord, og eg åt dei, og dine ord vart til frygd for meg og til fagnad for mitt hjarta; for eg er uppkalla etter ditt namn, Herre, allhers Gud.Esek 3,1-3
17Eg hev ikkje sete i lag med skjemtande menner og gama meg; gripen av di hand hev eg sete einsleg; for du fyllte meg med harm.Jer 6,11
18Kvi er mi liding æveleg, og såret mitt ulækjande? Det vil ikkje gro. Du hev vorte som ein svikal bekk åt meg, som vatn ein ikkje kann lita på.Job 6,15-30; Mi 1,14
19Difor segjer Herren so: Um du vender um, vil eg lata deg koma att og standa framfor mi åsyn, og um du skil det dyre frå det verdlause, då skal du vera som min munn; dei skal venda seg til deg att, men du skal ikkje venda deg til dei.
20Og eg vil gjera deg til ein fast koparmur mot dette folket; dei skal strida mot deg, men ikkje vinna på deg; for eg er med deg og vil frelsa og berga deg, segjer Herren.Jer 1,18-19; Esek 3,8-9; Jer 1,8
21Eg vil berga deg utor hendene på dei vonde og fria deg utor nevane på valdsmenner.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.