1Og Herren tala til Moses og Aron og sa:
2Høyr no eit lovbod som Herren hev gjeve! Han sa: Seg til Israels-borni at dei skal koma til deg med ei raud kviga som ikkje hev lyte eller veila og aldri hev vore under åket.
13Kven som kjem nær ein avliden, eit mannelik, og ikkje reinsar seg, han gjer Herrens tabernakel ureint og skal rydjast ut or Israel; av di det ikkje er skvett skiringsvatn på han, er han urein, det fylgjer ureinska med han.
14So lyder lovi: Når ein døyr i eit tjeld, so skal alle som kjem inn i tjeldet, og alt som er i tjeldet, vera ureint i sju dagar.
15Og alle opne koppar, alle som det ikkje er lok på eller bundne yver, vert ureine.
16Og den som ute på marki kjem nær ein som er drepen med sverd, eller eit anna lik eller mannebein eller ei grav, skal vera urein i sju dagar.
17Når dei vil reinsa ein som soleis er vorte urein, so skal dei taka noko av oska etter det uppbrende syndofferet og ausa rennande vatn på i eit fat.
18Og ein mann som er rein, skal taka isop og duppa i vatnet og skvetta på huset og på alle dei ting og alle dei folk som var der, og på den som hev kome nær mannebein eller ein mann som er ihelslegen, eller eit anna lik eller ei grav.
19Den tridje og den sjuande dagen skal dei reine skvetta på den som hev vorte urein; og når reinsingi er fullførd den sjuande dagen, skal han två klædi sine og lauga seg i vatn, og vert då rein att same kvelden.
20Men den som vert urein og ikkje reinsar seg, han skal rydjast ut or lyden, for di han hev gjort Herrens heilagdom urein - det hev ikkje kome reinsingsvatn på han; han er urein.
21Dette skal vera ei æveleg lov for dei. Den som skvettar reinsingsvatnet, skal tvo klædi sine, og den som kjem nær reinsingsvatnet, skal vera urein alt til kvelds.
22Alt det den ureine kjem nær, vert ureint, og den som kjem innåt han, skal vera urein til kvelds.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.