1Dette er innhaldet av det brevet som profeten Jeremias sende frå Jerusalem til dei som endå levde att av dei øvste millom dei burtførde, og til prestane og profetane og alt det folket som Nebukadnesar hadde ført burt frå Jerusalem til Babel,
2etter kong Jekonja og kongsmori og hirdmennene, hovdingane i Juda og Jerusalem og timbremennene og smedane var farne burt or Jerusalem.Jer 24,1; 2 Kong 24,15-16
3Han sende brevet med El'asa Safansson og Gemarja Hilkiasson, som Sedekias, Juda-kongen, sende til Babel, til Nebukadnesar, Babel-kongen, og det lydde so:
4So segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud, til alle dei som eg hev ført burt frå Jerusalem til Babel:
5Bygg hus og bu i dei, planta hagar og et frukti or dei!Jer 29,28
6Tak dykk konor og få søner og døtter, og tak konor åt sønene dykkar og gift burt døtterne dykkar, so dei kann få søner og døtter; de skal aukast der og ikkje minka i tal!
7Og streva etter at det må ganga den byen vel som eg hev ført dykk burt til, og bed for han til Herren! For når det gjeng han vel, so gjeng det dykk vel.
8For so segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud: Lat dykk ikkje dåra av dei profetane som er hjå dykk, og av spåmennene dykkar, og gjev ikkje gaum etter draumane som de drøymer!Jer 27,14.16
9For lygn er det som dei spår åt dykk i mitt namn; eg hev ikkje sendt dei, segjer Herren.Jer 14,14; 23,21
10For so segjer Herren: Når sytti år er lidne for Babel, vil eg vitja dykk og gjera sannrøynt for dykk det gode ordet mitt, at eg vil føra dykk attende til denne staden.Jer 25,11; 2 Krøn 36,21; Dan 9,2; Sak 1,12
11For eg veit kva tankar eg hev med dykk, segjer Herren, tankar til fred og ikkje til ulukka, å gjeva dykk framtid og von.Ordt 23,18; 24,20
12Og de skal kalla på meg og ganga og beda til meg, og eg vil høyra på dykk,Sal 50,15
13og de skal søkja meg, og de skal finna meg når de spør etter meg av alt dykkar hjarta.5 Mos 4,29; 1 Krøn 28,9
14Eg vil lata dykk finna meg, segjer Herren, og eg vil gjera ende på utlægdi dykkar og samla dykk frå alle dei folki og alle dei stadene som eg hev drive dykk burt til, segjer Herren, og lata dykk koma attende til den staden eg førde dykk burt ifrå.Jer 30,3.18; 32,44; 33,7.26; 5 Mos 30,1-10; Sef 2,7
15[Dette skriv eg] av di de segjer: Herren hev late profetar standa fram åt oss i Babel.Jer 29,21.24-32
16For so segjer Herren um kongen som sit på Davids kongsstol, og um alt folket som bur i denne byen, brørne dykkar, som ikkje vart burtførde saman med dykk -
17so segjer Herren, allhers Gud: Sjå, eg sender imot dei sverd og svolt og sott og gjer med dei som ein gjer med dei utskjemde fikone, som er so låke at dei ikkje er etande.Jer 24,10.3.8
18Og eg vil elta dei med sverd og svolt og sott, og eg vil lata alle riki på jordi fara ille med dei, ja eg vil gjera dei til ei til forbanning og ein støkk, til ei spott og ei hæding millom alle dei folki som eg driv dei burt til,Jer 24,9
19for di dei ikkje lydde på mine ord, segjer Herren, då eg sende tenarane mine, profetane, til dei, jamt og samt; men de vilde ikkje høyra, segjer Herren.Jer 7,25-28
20Men høyr no de Herrens ord, alle de burtførde, som eg hev sendt frå Jerusalem til Babel!
21So segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud, um Akab Kolajason og um Sedekias Ma'asejason, som spår lygn åt dykk i hans namn: Sjå, eg gjev dei i hendene på Nebukadnesar, Babel-kongen, og han skal drepa dei for augo på dykk.
22Og etter dei skal dei laga ei forbanning, alle dei burtførde or Juda som er i Babel, og segja: Herren gjere med deg som med Sedekias og Akab, som Babel-kongen steikte i elden,Dan 3,15
23for di dei for med skjemdarverk i Israel då dei dreiv hor med konone åt kvarandre og for med lygne-rødor i mitt namn, slikt som eg ikkje hadde sett dei til; eg veit det då og kann vitna um det, segjer Herren.Jer 23,14
24Og til Semaja, nehelamiten, skal du segja:
25So segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud: Du hev sendt brev i ditt eige namn til alt folket i Jerusalem og til presten Sefanja Ma'asejason og til alle prestane og sagt:
26Herren hev sett deg til prest i staden for presten Jojada, so det skal vera tilsynsmenner i Herrens hus yver alle som er frå vitet og driv på og spår; so du skal setja dei i stokk og halsjarn.
27Kvi hev du då ikkje refst Jeremias frå Anatot, som driv og spår åt dykk?
28For han hev sendt bod til oss i Babel og sagt: Det kjem til å vara lenge; bygg hus og bu i dei, planta hagar og et frukti or dei!Jer 29,5
29Og presten Sefanja las dette brevet upp for profeten Jeremias.
30Då kom Herrens ord til Jeremias, og det lydde so:
31Send bod til alle dei burtførde og seg: So segjer Herren um Semaja, nehelamiten: Sidan Semaja hev spått åt dykk endå eg ikkje hev sendt han, og fenge dykk til å lita på lygn,Jer 28,15-17
32difor segjer Herren so: Sjå, eg heimsøkjer Semaja, nehelamiten og ætti hans; ingen av ætti hans skal få bu millom dette folket, og han skal ikkje få sjå det gode som eg gjer for folket mitt, segjer Herren; for han hev preika fråfall frå Herren.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.