Esekiel 9 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Esekiel ser seks menner som etter Herrens bod dreg inn i Jerusalem og skal slå i hel folket i byen, og dessutan ein mann som er klædd i linklæde, og som skal setja eit merke i panna på dei mennene som hev syrgt yver gudløysa åt folket, so dei kann verta sparde når neddrepingi tek til, 1-7. Mennene gjer som Herren hev sagt; profeten vert forfærd yver det han ser, og bed til Herren for folket, men Herren svarar at misgjerningi åt folket er for stor til at han kann spara det, 8-10. Mannen i linklædi segjer frå til Herren at det er gjort som han baud, 11.

1So høyrde eg han ropa med høg røyst: Kom hit med heimsøkjingane yver byen, kvar med si tynar-ambod i handi!

2Og sjå, då kom seks menner på vegen igjenom Øvreporten, som snur mot nord, kvar med si krasar-ambod i handi, og med dei var ein mann som hadde ein linklædnad på og eit skrivestell ved lendi, og dei kom inn og vart standande attmed koparaltaret.

3Og herlegdomen åt Israels Gud lyfte seg upp frå kjerubane, som han var yver, og flutte seg til dørstokken på huset, og han ropa til mannen i linklædnaden og med skrivestellet ved lendi.Esek 10,4

4Og Herren sa til han: Gakk midt igjenom byen, midt igjenom Jerusalem, og set eit merke i panna på dei menner som sukkar og jamrar yver alt det avstyggelege som gjeng fyre seg der.2 Mos 12,23; Op 7,3

5Og til hine sa han so eg høyrde på: Gakk igjenom byen etter han og slå ned! Vis ikkje medynk og spar ingen!

6Gamle folk og sveinar og møyar og småborn og kvinnor skal de hogga ned for fot; men de må ikkje røra nokon av dei som hev merke på seg. De skal taka til frå min heilagdom. So tok dei til med dei gamle mennene som stod framfor huset.Op 9,4

7Og han sa til dei: Gjer huset ureint og fyll fyregarden med drepne menner! Far ut! Og dei for ut og slo ned folket i byen.

8Men medan dei slo ned, og eg vart att der, kasta eg meg å gruve og ropa: Å, Herre, Herre! Vil du tyna alt som er att av Israel, med di du renner ut din harm yver Jerusalem?

9Misgjerningi åt Israels- og Juda-lyden er ovleg stor; landet er fullt av blodskuld, og byen er full av urettvise domar; for dei segjer: Herren hev vendt seg ifrå landet, Herren ser det ikkje.Esek 8,12

10So vil då ikkje heller eg tykkja synd i dei eller spara dei; eg vil lata åtferdi deira koma att på deira eige hovud.Esek 11,21; 16,43

11Og sjå, mannen i linklædnaden og med skrivestellet ved lendi kom attende og sa frå: Eg hev gjort som du bad meg.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help