Rut 4 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Medan styresmennene i byen er til stades, spør Boas næmaste løysingsmannen um han vil løysa åkeren åt No'omi og gifta seg med Rut; han vil ikkje, og so lovar Boas å taka henne til kona; folk ynskjer han til lukka, 1-12. Boas gifter seg med Rut; ho fær ein son, som vert fostra upp hjå No'omi; ætti hans vert upprekna til og med kong David, 13-22.

1Medan hadde Boas gjenge upp til byporten og sett seg der. Då høvde det so at den løysingsmannen som Boas hadde tala um, gjekk framum der, og Boas sa: Kom hit og set deg her, frende! Då kom han og sette seg.

2So henta Boas ti av styresmennene i byen og sa: Set dykk her! Og dei sette seg.

3Sidan sa han til løysingsmannen: Det åkerstykket som Elimelek, bror vår, åtte, hev No'omi selt, ho som er attkomi frå Moablandet.

4Eg tenkte at eg vilde varsla deg um det og segja: Kjøp det du medan dei er til stades dei som sit her, og styresmennene for folket mitt! Vil du taka det etter løysingsretten, so gjer det; vil du ikkje løysa det, so seg frå til meg, so eg fær vita det; for ingen annan eig løysingsretten enn du, og næst etter deg er det eg sjølv. Han svara: Eg vil løysa det.

5Då sa Boas: Når du kjøper åkeren av No'omi, so kjøper du han og av Rut, moabitkvinna, kona åt den avlidne, og du skyldar å reisa upp att namnet åt den avlidne på odelseiga hans.

15Han skal kveikja di sjel og forsyta deg i alderdomen; for sonekona di, som held so av deg, er mor hans, ho som er meir for deg enn sju søner.

16Og No'omi tok barnet og la han i fanget sitt og vart fostermor hans.

17Og grannekonone gav han namn og sa: No'omi hev fenge ein son! Dei kalla han Obed; Han vart far åt Isai, far hans David.

18Her er ættetavla hans Peres: Peres fekk sonen Hesron,1 Mos 46,12; 1 Krøn 2,5; Matt 1,3-4

19og Hesron fekk sonen Ram, og Ram fekk sonen Amminadab,1 Krøn 2,9-17

20og Amminadab fekk sonen Nahson, og Nahson fekk sonen Salma,

21og Salmon fekk sonen Boas, og Boas fekk sonen Obed,

22og Obed fekk sonen Isai, og Isai fekk sonen David.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help