Jesaja 46 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Babel-gudane skal falla, og bileti deira skal dyr bera burt, 1.2. Israel, som Gud hev bore frå fyrste stund og framleis skal bera, skal difor akta seg for den fåvise avgudsdyrkingi, 3-7. Dei av folket som hallar til fråfall frå Herren, skal koma i hug alt det han frå ævordsleg tid hev gjort for det, og serleg at han lenge fyreåt hev varsla at Kyros skulde koma, og no hev late han koma, 8-11, og dei av folket som ikkje vil tru at det skal verta frelst, skal vita at frelsa er nær for handi, 12.13.
1Bel sig, Nebo stuper; deira bilete vert gjevne til dyr og fe; dei som de bar, vert lagde på dyr som ber seg trøytte av byrdi.
2Dei stuper og sig alle saman, dei kann ikkje berga byrdi, og sjølve lyt dei fara or landet.