Jeremia 51 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Jeremias spår framleides mot Babel. Ved medarane og andre folk frå nord vil Herren straffa det for di det hev trælka både Israel og heidningefolki. Babel, som fyrr hev vore ein reidskap for Herren til å straffa so mange folkeslag, skal no sjølv verta øydelagt, um det er aldri so mektigt, og missa sitt velde for alle tider. Israel må fly til Babel og fara heim til landet sitt, 1-58. I fjorde styringsåret åt Sedekias, då Seraja fer til Babel saman med kongen, sender profeten med han ei bok der spådomen um Babels undergang er uppskriven; når han er komen til Babel, skal han lesa henne upp og so binda henne til ein stein og søkkja henne i Eufrat, til eit varsel um Babels undergang, 59-64.

1So segjer Herren: Sjå, eg vekkjer eit skadever imot Babel og imot dei som bur i Leb-Kamai.

2Og eg sender framande mot Babel, og dei skal dryfta det og tøma landet; for dei skal setja på det frå alle leider på ulukke-dagen.

3Mot den som spenner boge, skal bogeskyttaren spenna bogen sin, og mot den som briskar seg i brynja; spar ikkje sveinane i landet, bannstøyt heile heren der!

4Då skal daudslegne menner falla i Kaldearlandet, og stungne menner på gatone.

5For Israel og Juda er ikkje enkjor, gløymde av sin Gud, Herren, allhers Gud, endå landet deira er fullt av skuld mot Israels Heilage.

29Då dirrar jordi og bivrar; for no vert Herrens tankar mot Babel sette i verk: å gjera Babellandet til ei øydemark, so ingen bur der.

30Kjempone i Babel hev halde upp med striden, dei sit i ro i borgene, deira kraft er kvorvi, kvinnor hev dei vorte; det er sett eld på bustadene der, bommane er sprengde.

40Eg vil føra dei ned til slakting som lamb, som verar og bukkar.

41Sjå, Sesak er teke, ho som var ei frægd for all jordi, er herteki! Kor Babel hev vorte til ei skræma millom folki!

42Havet hev stige upp yver Babel, det er løynt av dei marmande båror.

43Byane der hev vorte til ei audn, eit turt land og ein aud mo, eit land som ingen mann bur i, og som inkje mannsbarn ferdast i.

44Og eg heimsøkjer Bel i Babel og tek det han hev gløypt i seg, ut or munnen hans, og folkeslag skal ikkje lenger strøyma til han; Babel-muren er fallen, han og.

56For yver det, yver Babel, kjem ein tynar, og kjempone der vert fanga, bogane deira sundbrotne; for Herren er ein Gud som gjev attergjeld, han løner, han gjev lika.Jes 35,4; 59,18; Sal 94,1

57Eg vil gjera dei drukne, hovdingane og vismennene der, jarlane og krigshovdingane og kjempone, og dei skal sovna i ein æveleg svevn og ikkje vakna, segjer kongen - Herren, allhers Gud, er namnet hans.Jer 51,39

58So segjer Herren, allhers Gud: Babel-muren, den breide, skal verta nedriven til grunnen, og portane, dei høge, skal verta uppbrende, so folk skal ha mødt seg for inkje, og folkeslag streva seg trøytte for elden.Hab 2,13

59Dette er den fyresegni som profeten Jeremias gav Seraja, son åt Neria Mahsejason, då han for til Babel saman med Sedekias, Juda-kongen, i det fjorde året han var konge. - Seraja var den som sytte for herbyrge.

60Jeremias skreiv upp i ei bok all den ulukka som skulde koma yver Babel, alle desse ordi som er skrivne um Babel.

61Og Jeremias sa til Seraja: Når du kjem til Babel, då sjå til at du les upp alle desse ordi!

62Og du skal segja: Herre, du hev tala mot denne staden og sagt at du vil øyda han, so ingen skal bu der meir, korkje folk eller fe, men at han skal verta til ævelege audner.Jer 51,26

63Og når du hev lese upp denne boki til endes, skal du binda ein stein til henne og kasta henne ut i EufratOp 18,21

64og segja: Soleis skal Babel søkka og ikkje koma upp att, for den ulukka som eg let koma yver byen, og maktlause skal dei liggja der. Her når Jeremias-ordi.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help