1Då Josva var avliden, spurde Israels-borni Herren: Kven av oss skal fara fyrst ut mot kana'anitane og strida mot dei?
17Sidan gjekk Juda med Simeon, bror sin, og dei vann yver kana'anitane som budde i Sefat. Dei bannstøytte byen; difor kalla dei han Horma.4 Mos 21,3
18Og tok Juda Gasa og Askalon og Ekron med alt landet som låg til dei byane.
19Herren var med Juda-borni, og dei la under seg fjellbygdene; men dei var ikkje god til å driva ut dei som budde i dalen; for dei hadde jarnvogner.Jos 17,16
20Dei gav Hebron til Kaleb, som Moses hadde sagt; og han dreiv dei tri Anaks-sønene ut or bygdi.Jos 14,13; 15,13; 4 Mos 14,24
21Benjamins-borni fekk ikkje drive ut jebusitane, som budde i Jerusalem - jebusitane vart buande i Jerusalem saman med Benjamins-borni og hev butt der til denne dag.Jos 15,63
22Josefs-borni tok og ut i striden; dei gjekk mot Betel, og Herren var med dei.
23Dei sende folk til å njosna ut Betel - den byen heitte fyrr i tidi Luz -1 Mos 28,19
24og speiarane fekk sjå ein mann som kom ut or byen. Og dei sa til han: Kjære, syn oss kvar me kann koma inn i byen, so skal me gjera sælebot på deg!
25So synte han dei kvar dei kunde koma inn, og dei øydde byen med odd og egg. Men mannen og heile ætti hans let dei fara sin veg.Jos 6,25
26Han for til Hetitarlandet og bygde ein by; den kalla han Luz; og det namnet hev byen havt til denne dag.
27Manasse dreiv ikkje ut folket i Bet-Sean og Ta'anak og Dor og Jibleam og Megiddo og bygdene som høyrde til dei byane, og kana'anitane var god til å halda seg der i landet.Jos 17,11-13
28Då Israels-folket vart sterkare, tvinga dei kana'anitane til å træla for seg, men dreiv dei ut gjorde dei ikkje.
29Efra'im dreiv ikkje ut kana'anitane som budde i Geser; kana'anitane vart buande millom Efra'ims-borni i Geser.Jos 16,10
30Sebulon dreiv ikkje ut dei som budde i Kitron og i Nahalol; kana'anitane vart buande millom Sebulons-borni, men laut gjera trælearbeid.
31Aser dreiv ikkje ut dei som budde i Akko og i Sidon, og øydde ikkje Ahlab og Aksib og Helba og Afik og Rehob;
32aseritane busette seg millom kana'anitane som åtte heime i landet; og dreiv dei ikkje ut.
33Naftali dreiv ikkje ut dei som budde i Bet-Semes og i Bet-Anat; dei busette seg millom kana'anitane som åtte heime i landet. Men folket i Bet-Semes og Bet-Anat laut træla for dei.
34Amoritane trengde Dans-borni upp i fjelli og let dei ikkje få koma ned i dalen.
35Amoritane var god til å halda seg i Har-Heres og i Ajalon og Sa'albim, men sidan fekk Josefs-borni yvertaket og nøydde dei til å træla for seg.
36Landskilet åt amoritane gjekk frå Akrabbimskardet, frå Hassela og uppetter.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.