1. Samuelsbok 12 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Samuel legg ned domarembetet; folket gjev han eit godt vitnemål, 1-5. Han talar til dei um Herrens velgjerningar og um den syndi dei gjorde då dei kravde ein konge, og stadfester ordi sine med eit teikn, 6-18. Folket reddast og vil at Samuel skal beda for dei; Samuel lovar det, trøystar dei, tel for dei og trugar dei, 19-25.

1Sidan sa Samuel til heile Israel: No hev eg gjort dykk til viljes i alt de hev tala til meg um, og sett ein konge yver dykk.

12Men då dei såg at Nahas, ammonitarkongen, kom imot dykk, sa de til meg: Nei, me vil hava ein konge til å styra oss - endå Herren dykkar Gud var kongen dykkar.1 Sam 8,19

13Her er no kongen som de hev kåra - han som de bad um; no hev Herren sett ein konge yver dykk.

14Ottast de no Herren og tener han og lyder han og ikkje seg dykk upp mot Herrens bod, men held dykk etter Herren dykkar Gud, både de og kongen som hev fenge velde yver dykk

15Men lyder de ikkje Herren, set de dykk upp mot Herrens bod, so skal Herrens hand råma dykk som ho råma federne dykkar.

16Stig no fram og skoda det store underet som Herren vil gjera for augo dykkar!

17Som de veit, hev me i desse dagane kveiteskurden; no vil eg ropa til Herren, so sender han torever og regn. Då skal de skyna og sjå kor stor ei synd de gjorde for Herrens augo då de kravde ein konge.

18So ropa Samuel til Herren, og same dagen sende Herren torever og regn; då vart alt folket teke av stor otte for Herren og for Samuel,

19og dei sa til Samuel: Bed for tenarane dine til Herren din Gud! Elles kjem me til å døy, for di me attpå alle syndene våre hev gjort den misgjerningi at me kravde ein konge.

20Då sa Samuel til folket: Ver ikkje redde! Visst hev de gjort alt dette vonde; men vik no berre ikkje utav Herrens veg, men ten Herren av alt dykkar hjarta!

21Vik ikkje utav rette vegen! For då laut de fylgja dei inkjeslege avgudane, som korkje kann gagna eller frelsa, av di dei er berre inkjevetta.Jes 44,9-10

22For Herren vil ikkje skjota folket sitt ifrå seg; for sitt store namn skuld vil han ikkje gjera det, etter di det tektest han å gjera dykk til sitt folk.

23Men eg - aldri i verdi skal eg gjera so stor ei synd mot Herren som å halda upp å bed for dykk. Eg skal læra dykk den gode og rette vegen.

24Hav berre de otte for Herren og ten han i sanning, av alt dykkar hjarta! Sjå kor store ting han hev gjort for dykk!

25Men gjer de det som vondt er, so kjem de til å rjuka med, både de og kongen dykkar.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help