Salmane 45 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Songaren lovsyng Messias, den herlege kongen, og prisar hans fagerleik og ynde, hans sigerrike styrke og stordom, hans ævelege herrevelde og hans rettferd, som gjer at han fær njota rik gleda og signing, 2-9. Han talar um korleis Messias med dramb og drust fører heim bruri si, Israels-lyden, og skildrar kor yndefull og lydig og herleg ho er; saman med henne fører han heim andre brurer og, lydar or heidningfolki, 10-16. Til slutt spår han at ætti åt Messias skal råda yver heile jordi, og at alle folk på jordi skal lova og prisa han til æveleg tid, 17.18.

1Til songmeisteren, etter «Liljor»

2Mitt hjarta fløder yver med yndelege ord; eg segjer: Mitt kvede er um ein konge; mi tunga er ein snarhendt skrivars griffel.

3Du er den fagraste av mannsborni, ynde er utrend på dine lippor; difor hev Gud velsigna deg til æveleg tid.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help