1Husfedrene i ætti etter Gilead, som var son åt Makir, Manasses son, og høyrde til Josefs-ættene, gjekk fram og tala so til Moses og styresmennene, ættehovdingane åt Israels-borni:4 Mos 26,29
2Herren hev sagt at du, herre, skal byta landet i luter og lata Israels-borni kasta lut um dei, og han hev sagt at du skal lata døtterne åt Selofhad, bror vår, få eigedomen etter far sin.4 Mos 26,55-56; 27,6-7; Jos 17,3-6
3Men vert no dei gifte med menner av dei andre Israels-ættene, so gjeng eigedomen deira ifrå vår ætt, og jordi åt den ætti dei kjem inn i, aukar, men vår ættejord minkar.
4Og når jubelåret kjem hjå Israels-borni, so vert eigedomen åt desse gjentone lagd til den ætti som dei hev kome inn i, og teken ifrå vår ætt.3 Mos 25,10-22
5Då tala Moses til Israels-borni, so som Herren hadde sagt han fyre: Det er rett som Josefs-ætti segjer.
6Høyr no kva Herrens vilje er med døtterne åt Selofhad: Dei kann gifta seg med kven dei vil, men det lyt vera innan fedreætti deira.
7For ingen eigedom må hjå Israels-borni ganga yver frå ei ætt til ei onnor. Alle Israels-borni skal halda på eigedomen åt fedreætti si.
8Og kvar ei dotter som erver jord i eit av Israelsfylki, lyt gifta seg med ein frå same fylket, so kvar Israels-son kann erva odelsjordi etter federne sine,
9og ingen eigedom skal ganga yver frå ei ætt til ei onnor, men alle Israels-ættene halda på eigedomen sin.
10Og døtterne åt Selofhad gjorde som Herren hadde sagt til Moses.
11Mahla og Tirsa og Hogla og Milka og Noa, alle døtterne åt Selofhad, gifte seg med søner åt farbrørne sine;
12med menner som var ætta frå Manasse, son åt Josef, gifte dei seg, so odelen deira kom til å fylgja den ætti dei høyrde til.
13Dette er dei bodi og lovene som Herren let Moses kunngjera for Israels-borni på Moabmoane ved Jordanelvi, midt for Jeriko.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.