Romarane 7 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Når eit menneske døyr, hev lovi ikkje lenger noko velde yver det; difor er den truande, som hev lut i Kristi daude, frigjord frå lovi og høyrer ingen annan til enn Kristus, 1-6. Lovi er ikkje synd, men ho vekkjer lysti og aukar soleis syndi, som tek tilføre av bodet, dårar og drep mennesket, 7-13. I seg sjølv er lovi heilag; mennesket derimot er selt under syndi. Når han gjer det vonde han ikkje vil, og let vera å gjera det gode han vil, so sannar han at lovi er god, og han sjølv er vond. Difor er det ingen annan veg til frelsa enn å setja si lit til Guds nåde i Kristus, 14-25.
1Eller veit de ikkje, brør - for eg talar til folk som kjenner lovi - at lovi råder yver mennesket for so lang tid som det lever?
2Soleis er ei gift kvinna ved lovi bundi til mannen sin so lenge han lever; men døyr mannen, er ho løyst frå lovi som batt henne til mannen.