1. Johannes 5 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Kvar den som elskar Gud, elskar og Guds born, held Guds bod og sigrar yver verdi ved trui på Guds son, 1-6. Den som ikkje trur Guds vitnemål um han Son, gjer Gud til ein ljugar, 7-12. Dette skriv Johannes av di han vil styrkja dei som trur, i trui på Guds Son og vekkja dei til ihuge i bøni, 13-17. Den som er fødd av Gud, syndar ikkje. Dei skal verta verande hjå Jesus Kristus, som er eitt med den sanne Gud, og vara seg for avgudar, 18-21.
1Kvar den som trur at Jesus er Kristus, han er fødd av Gud, og kvar den som elskar Faderen, han elskar og den som er fødd av han.