1Endå ein gong vart Herren brennande harm på Israel; han eggja David upp imot dei og sa: Gakk i veg og tel Israel og Juda!
2Då sa kongen til Joab, herhovdingen sin, som var hjå han: Far gjenom alle Israelsfylki frå Dan og til Be'erseba og tak tal på folket, so eg kann få vita kor mange dei er!
3Joab svara: Gjev Herren din Gud måtte gjera folket hundrad gonger so mannsterkt som det no, og det medan du sjølv lever og kann få sjå det, herre konge! Men korleis er det laga at du hev fenge hug på dette, herre konge?
4Men kongen stod fast på det han hadde sagt, og gav ikkje etter for Joab og herhovdingane. So drog då Joab og herhovdingane ut i kongens ærend og skulde taka tal på Israels-folket.
5Dei sette yver Jordan og slo læger innmed Aroer, på høgre sida av den byen som ligg midt i Gadsdalen og burtimot Jaser.
7So kom dei til Tyrusborgi og alle hevitar- og kana'anitarbyane. I sudlandet åt Juda, i Be'erseba, enda dei ferdi si.
8Dei for utyver heile landet. Då ni månader og tjuge dagar var lidne, kom dei attende til Jerusalem,
9og Joab gav kongen fråsegn um det talet som var kome ut av folketeljingi: I Israel var det åtte hundrad tusund sterke, våpnføre menner, og Juda-mennene var fem hundrad tusund i talet.
10Men David fekk samvitsagg etter han hadde talt folket. Og han sa til Herren: Eg hev gjort ei stor synd. Men tilgjev no, Herre, misgjerningi åt tenaren din! For eg hev fare fælt uvitug åt.
16Og engelen rette ut handi si mot Jerusalem og vilde leggja byen i øyde, då angra Herren på ulukka han hadde sendt, og han sa til engelen som øydde folket: Det er nok! Drag no handi til deg att! Då var Herrens engel komen til treskjevollen åt Aravna, jebusiten.
17Då David fekk sjå engelen som drap ned folket, sa han til Herren: Det er eg som hev synda, det er eg som hev fare rangt åt! Men desse lambi mine, kva hev dei gjort? Lat heller handi di råma meg og ætti mi!
25Og han bygde der eit altar åt Herren og ofra brennoffer og takkoffer. Då høyrde Gud bønene som steig upp frå landet, og sotti heldt upp å herja i Israel.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.