Ester 6 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Um natti fær ikkje kongen sova; dei les upp or krønikeboki for han, og han fær høyra at Mordekai hev opendaga ei samansverjing mot han; samstundes fær han vita at han ikkje fenge nokor æra for det, 1-3. Haman, som kjem og vil beda um at Mordekai må verta upphengd, vert sett til å visa han den æra han hev etla åt seg sjølv, 4-11. Modet hans Haman tek til å minka; medan han talar med kona si og venene sine um det som hev hendt han, vert han henta til gjestebodet hjå Ester, 12-14.
1Den natti fekk ikkje kongen sova. Han bad dei henta krønikeboki, som dei minneverdige hendingane var uppskrivne i, og ho vart upplesi for kongen.
2Der fann dei det skrive korleis Mordekai hadde meldt at Bigtana og Teres, tvo av dei hirdmennene som vakta dørstokken i kongsgarden, hadde freista å leggja hand på kong Ahasverus.