1So førde han meg ut i den ytre fyregarden den vegen som gjekk nordetter, og sidan førde han meg til dei kovane som låg midt framfor det fråskilde tunet og beint imot bygnaden i nord,
2til langsida, som var på hundrad alner, med inngang i nord, men breiddi var femti alner.
3Ut imot det tjuge alner breide stykket av den indre fyregarden og ut imot steingolvet i den ytre fyregarden var det sval mot sval i tri høgder.
15Då han hadde gjort mælingi frå seg i det indre huset, førde han meg ut gjenom den porten som hadde framsida mot aust; og der mælte han rundt ikring.Esek 42,13; 44,19
16Han mælte austsida med mælestongi: ho var fem hundrad stenger etter mælestongi rundt ikring.
17Han mælte nordsida: ho var fem hundrad stenger etter mælestongi rundt ikring.
18Sudsida og mælte han: ho var fem hundrad stenger etter mælestongi.
19So gjekk han ikring til vestsida og mælte fem hundrad stenger etter mælestongi.
20På alle fire sidor mælte han det; det hadde ein mur rundt, fem hundrad stenger lang og fem hundrad breid, til å skilja det heilage frå det som ikkje var heilagt.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.