1Då uvenene åt Judas og Benjamins fekk spurt at dei som var komne heim or utlægdi, heldt på å byggja eit tempel for Herren, Israels Gud,
2kom det til Serubabel og ættehovdingane og sa til dei: Lat oss få vera med dykk og byggja; for me søkjer dykkar Gud liksom de sjølve, og han hev me ofra til alt sidan Asarhaddon, assyrarkongen, levde, han som flutte oss hit!
11og her kjem no ei avskrift av det brevet som dei sende kong Artaxerxes -: Tenarane dine, mennene på hi sida elvi, og so burtetter.
12Det skal kongen vita at dei jødane som for burt frå den staden der du bur, er komne hit til oss, til Jerusalem. Denne upprørshuga og vonde byen held dei no på å byggja upp att; dei gjer murane i stand og bøter grunnvollane.
13No skal kongen vita at i fall denne byen vert uppatt-bygd og murane fullførde, so kjem folket dei ikkje til å svara skatt eller toll eller vegpengar, og det vil til sist verta til meins for kongane.
14Etter di me no et salt frå kongsgarden, og det ikkje sømer seg for oss å sjå på at kongen lid skade, so sender me bod og gjer dette kunnigt for kongen.
15For vert det granska etter i krønikebøkene åt federne dine, so vil du der finna og sjå at denne byen hev vore ein upprørshuga by, som hev valda mein for kongar og land, og at folket der frå uminnelege tider hev halde på og gjort uppreist; difor var det og byen vart lagd i øyde.
16Me vil kongen skal vita at dersom denne byen vert uppatt-bygd og murane fullførde, so vil det enda med at du ikkje lenger hev nokon lut i landet på hi sida elvi.
17Kongen sende då sovoren bodskap til Rehum, rådsherren, og Simsai, riksskrivaren, og dei andre embetsbrørne deira, som budde i Samaria og dei andre bygdene på hi sida elvi: Heil og fred! og so burtetter.
18Brevet som de sende oss, hev vorte lese greinleg for meg.
19Eg sette folk til å granska etter, og dei fann ut at denne byen frå ævordsleg tid hev sett seg upp mot kongane, og at det jamleg hev vore gjort uppreist der og halde uppstyr.
20Mektige kongar hev rådt i Jerusalem og havt velde yver alt landet på hi sida elvi, folket svara dei skatt og toll og vegpengar.1 Kong 4,21
21Gjev no påbod um at desse karane skal hindrast i arbeidet sitt, so den byen ikkje vert bygd upp att, fyrr det kjem påbod um det frå meg!
22Og akta dykk at de ikkje gjer noko mistak i denne saki! Elles kunde skaden auka, so kongane kom til å lida tap.
23Med same avskrifti av dette brevet frå kong Artaxerxes hadde vorte lese for Rehum og Simsai, riksskrivaren, og embetsbrørne deira, skunda dei seg av stad åt jødane i Jerusalem og hindra dei med vald og makt.
24Då stogga arbeidet på Guds hus i Jerusalem, og det låg nede til andre året av kongedømet åt Darius, persarkongen.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.