1Og Herren ropa på Moses og tala til han or møtetjeldet og sa:
2Tala til Israels-borni og seg til dei: Når nokon av dykk vil koma til Herren med ei offergåva av buskapen, so kann de taka offeret dykkar anten av storfeet eller av småfeet.
3Er det eit brennoffer han vil gjeva, og han tek det av storfeet, so skal det vera ein ukse som ikkje hev lyte. Til døri åt møtetjeldet skal han koma med gåva si, so han vert velsedd for Herrens åsyn,3 Mos 6,2-6
4og han skal leggja handi på hovudet åt offerdyret; då skal det tekkjast Herren og vera til soning for han.
5So skal han slakta uksen for Herrens åsyn, og Arons-sønene, prestane, skal bera fram blodet og skvetta det rundt ikring på altaret som stend framanfor døri åt møtetjeldet.
6Og so skal han flå offerdyret og lema det sund;
7og sønene åt Aron, presten, skal kveikja upp eld på altaret og leggja ved på elden.
8Sidan skal Arons-sønene, prestane, leggja kjøtet og hovudet og feittet uppå veden som er lagd på altarelden.
9Innvolen og føtene skal tvåast i vatn, og so skal presten brenna alt saman på altaret; då er det eit brennoffer, eit eldoffer som gjev god ange for Herren.
10Tek han brennofferet sitt av småfeet, av sauene eller geitene, so skal det vera ein lytelaus ver eller bukk.
11Den skal han slakta på nordsida åt altaret for Herrens åsyn, og Arons-sønene, prestane, skal skvetta blodet rundt ikring på altaret.
12So skal han luta upp offerdyret og lata hovudet og feittet fylgja med, og presten skal leggja lutene uppå veden som er lagd på altarelden.
13Innvolen og føtene skal dei två i vatn, og so skal presten bera fram alt saman og brenna det på altaret; då er det er eit brennoffer, eit eldoffer som gjev god ange for Herren.
14Er det ein fugl han vil taka til brennoffer åt Herren, so skal offergåva han kjem med, vera ei turtelduva eller ein duveunge.3 Mos 5,7-13
15Presten skal bera fuglen fram åt altaret og vrida hovudet av han og brenna det på altaret; og blodet skal kreistast ut mot altarveggen.
16So skal han taka ut krelen med goret som er i, og kasta det attmed altaret, på austsida, der oska er,
17og so flekkja fuglen innmed vengene, men ikkje riva dei av. Sidan skal presten brenna han på altaret, på veden som er lagd på elden; då er det eit brennoffer, eit eldoffer som gjev god ange for Herren.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.