Esekiel 43 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Herrens herlegdom flytter inn i det nye templet, 1-6. Han lovar at han vil bu der hjå Israels-borni til æveleg tid; heretter skal dei vera eit heilagt folk, 7-9. Han byd profeten å forkynna dei um dette templet, so dei lyt skjemmast yver syndene sine, og å skildra innreidingi nøgje for dei og kunngjera fyresegnene um det, 10-12. Han talar serleg um brennofferaltaret, måli på det, og korleis dei skal vigsla og bruka det, 13-27.

1So førde han meg til porten, den porten som snudde i aust.

2Og sjå, herlegdomen åt Israels Gud kom austantil, og ljomen av han var som ljomen av store vatn, og jordi skein av herlegdomen hans.

4Og Herrens herlegdom for inn i huset gjenom den porten som snudde i aust.

5Og Anden lyfte meg upp og førde meg inn i den indre fyregarden, og sjå, Herrens herlegdom fyllte huset.

8so som dei gjorde då dei sette dørstokken sin attmed min dørstokk og dørskiene sine attmed mine dørskier, so det berre var veggen millom meg og dei, og gjorde mitt heilage namn ureint med styggedomen som dei for med, so eg laut tyna dei i min vreide.

9No skal dei hava horelivnaden sin og liki av kongane sine langt burt ifrå meg, og då vil eg bu hjå dei til æveleg tid.

10Du menneskeson, tala til Israels-lyden um dette huset, so dei må blygjast for misgjerningane sine og mæla den vel tilmåta bygnaden.

11Og når dei blygjest for alt det dei hev gjort, so skal du kunngjera for dei skapnaden på huset og skipnaden i det, utgangane og inngangane, skapnaden på alt og alle fyresegnene um det - heile skapnaden på det og alle lovene um det, og skriv det upp for augo deira, so dei må akta på heile skapnaden på huset og alle fyresegnene um det og gjera etter dei.

12Dette er lovi um huset: På toppen av fjellet skal heile umkverven kringum det vera høgheilag. Sjå, dette er lovi um huset.

13Og dette er måli på altaret i alnetal - kvar aln ei handbreidd lengre enn ei vanleg aln: Det skal vera eit fotstykke, ei aln høgt og ei aln breidt, og kantlisti på kanten av det skal vera ei spann breid rundt ikring; dette er underlaget åt altaret.

16Ariel skal vera tolv alner lang og tolv alner breid, firkanta med fire jamlange sidor.

17Skori skal vera fjortan alner lang og fjortan alner breid, med fire jamlange sidor, og kantlisti kringum henne skal vera ei halv aln, og fotstykket ei aln rundt ikring, og troppene skal snu i aust.

18Og han sa til meg: Menneskeson! So segjer Herren, Israels Gud: Dette er fyresegnene um altaret den dagen det vert gjort, so ein kann ofra brennoffer og skvetta blod på det.

19Du skal gjeva levit-prestane, dei som er av Sadoks-ætti, og som stig framfor meg og tener meg, ein ungukse til syndoffer, segjer Herren, Israels Gud.Esek 40,46; 44,15

20Og du skal taka noko av blodet hans og strjuka på dei fire altarhorni og på dei fire skorhyrno og på kantlisti rundt ikring; soleis skal du reinsa det frå synd og gjera soning for det.2 Mos 29,12.36; 3 Mos 8,15

21So skal du taka syndofferuksen, og han skal dei brenna på den fastsette staden i huset, utanfor heilagdomen.3 Mos 16,27

22Andre dagen skal du ofra ein lytelaus bukk til syndoffer, og dei skal reinsa altaret frå synd, like eins som dei reinsa det med uksen.

23Når du hev gjort frå deg reinsingi, skal du ofra ein lytelaus ungukse og ein lytelaus ver or saueflokken.

24Du skal leida dei fram for Herrens åsyn, og prestane skal strå salt på dei og ofra dei til brennoffer åt Herren!

25I sju dagar skal du ofra ein bukk til syndoffer kvar dag, og ein ungukse og ein ver or saueflokken, båe lytelause, skal dei ofra.

26I sju dagar skal dei gjera soning for altaret og reinsa det og vigja det.2 Mos 28,41; 29,9

27Når desse dagane er lidne, skal prestane åttande dagen og alltid sidan ofra brennofferi og takkofferi dykkar på altaret, og då vil eg hava hugnad i dykk, segjer Herren, Israels Gud.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help