1Då tok Job til ords og sa:
2Kor du hev hjelpt den maktlause og studt den arm som ingen styrke hev!
3Kor du hev gjeve den uvise råd, for yvermål av visdom du hev synt!
4Kven hev du bore ordi dine fram for, og kven si ånd hev tala gjenom deg?
5Helheimens skuggar skjelv i angest, vassdjup og dei som bur i dei.
6Helheimen ligg i dagen for han, og avgrunnen er ikkje gøymd.Ordt 15,11; Sal 139,8
7Han breider Nordheimen ut yver audni, han hengjer jordi upp på inkje.
8I sine skyer bind han vatni saman, og skyene brest ikkje under dei.Sal 104,3
9Han stengjer att so ingen ser hans kongsstol, han breider sine skyer yver han.
10Ei grensa drog han i ein ring på vatni, langt ute, der som ljos og myrker møtest.
11Stolpane under himmelen skjelv, og redde vert dei for hans trugsmål.Sal 18,8
12Han reiser havet med si kraft og krasar Rahab med sitt vit.Job 9,13
13Ved hans ande klårnar himmelen; hans hand gjer av med den flogsnare draken.
14Sjå, dette er utkanten berre av hans verk; ei kviskring berre av det ord me høyrer. Hans veldes toredun - kven skynar den?
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.