1. Samuelsbok 30 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Medan David var burte, hev amalekitane teke og brent upp Siklag og drege av med alt det dei fann; David og mennene hans syrgjer yver dette, 1-6. På Herrens bod set David etter dei, finn dei og vinn yver dei, bergar alt det dei hev teke, og fører mykje herfang med seg heim att, 7-20. Dei 400 mann som var med han i striden, vil ikkje skifta herfanget med dei 200 som hev vore att ein stad på vegen; David talar dei til og skifter herfanget både med dei og andre som hev gjort vel mot han fyrr, 21-31.

1Då David og mennene hans tridje dagen kom til Siklag, hadde amalekitane brote inn både i sudlandet og i Siklag. Siklag hadde dei herja og brent,

15David spurde: Vil du syna meg veg ned til desse ransmennene? Guten svara: Vil du sverja meg ved Gud at du ikkje skal drepa meg og ikkje gjeva meg i hendene på herren min, so skal eg syna deg vegen ned til desse ransmennene du talar um.

16So fylgde han David dit dei var, og han fekk sjå korleis dei låg spreidde utyver all marki og åt og drakk og heldt gjestebod på det store herfanget dei hadde teke i Filistarlandet og Judalandet.

17David hogg dei ned og heldt på frå skumingi til andre kvelden; ingen av dei fekk kome seg undan, so nær som fire hundrad unge menner som kasta seg på kamelane og rømde.

18Soleis berga David alt det som amalekitane hadde teke; båe konone sine berga han og.

19Dei sakna ikkje eit liv, korkje ung eller gamal, korkje søner eller døtter, ikkje noko av herfanget heller og det dei elles hadde teke med seg; David kom att med alt saman.

20Alt feet, både smått og stort, tok han og med seg; og drivarane gjekk fyre buskapen og ropa: Dette er herfanget åt David!

21Då David kom til dei tvo hundrad mann som hadde vore for trøytte til å fylgja han, og som han hadde late vera att ved Besorbekken, kom dei ut imot David og herfolket som var med han, og sjølv gjekk han burtåt dei og helsa.

22Då var det nokre vonde og illtenkte menner i fylgjet hans som tok til ords og sa: Etter di dei ikkje var med oss, vil me ikkje gjeva dei noko av herfanget som me hev berga; berre konone og borni sine lyt dei alle få med seg når dei fer heim.

23Men David svara: Far ikkje soleis åt, brørne mine, med det som Herren hev gjeve oss; han hev berga oss og hjelpt oss til å få tak i ransmennene som kom yver oss.

24De fær ingen til å halda med dykk i dette. Nei, den som drog ut i striden, skal ikkje hava større lut av herfanget enn den som vart att og tok vare på tyet; dei skal skifta likt.4 Mos 31,27; Jos 22,8

25Og soleis vart det frå den dagen og framigjenom - han gjorde det til lov og rett i Israel, som det er på denne dag.

26Då David kom til Siklag, sende han noko av herfanget til styresmennene i Juda, dei som var venene hans, med dei ordi: Sjå her er ei gåva til dykk av herfanget som eg hev teke frå Herrens fiendar -

27til dei i Betel sende han, og til dei i Ramot-Negeb og i Jattir

28og Aroer og Sifmot og Estemoa

29og Rakal og til dei i jerahme'elitarbyane og i kenitarbyane1 Sam 27,10

30og til dei i Horma og Kor-Asan og Atak

31og Hebron, og til alle andre stader der han og mennene hans hadde vanka.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help