1Dette er den velsigningi som gudsmannen Moses lyste yver Israels-borni fyrr han døydde.
2Han sa: Herren kom frå Sinai, steig upp for dei ifrå Se'ir, skein ifrå Paranfjellet, gjekk fram or dei heilage herar, ved hans høgre hand lyste lov-elden for dei.
3Ja, han elskar folket sitt høgt; dine heilage er i du hand; dei flokkar seg kring din for, dei lyder trutt på din tale.
4Moses gav oss ei lov, ein arv for lyden åt Jakob.
6Lat Ruben leva og aldri døy ut, men mennene hans verta få i talet!
7Og um Juda sa han dette: Høyr Herre, ropi frå Juda, og før han heim til sitt folk! Med sine hender strider han for det; ver du han ei hjelp mot hans fiendar!
8Og um Levi sa han: Dine tummim og urim gjev lyden åt den som hev vore deg lydig, han som du røynde ved Massa og tretta med ved Meriba,
18Og um Sebulon sa han: Gled deg, Sebulon, i di utferd, og du, Issakar, i dine tjeld!
27Ein bustad er den eldgamle Gud; hit ned når hans evige armar. Han driv burt for deg din uven og segjer til deg: Øyd ut!Sal 90,1; 5 Mos 31,3
28So bur Israel trygt og åleine, og Jakob hev auga sitt vendt mot eit land fullt av druvor og korn, og doggi dryp frå hans himmel.4 Mos 23,9
29Å, Israel, kor du er sæl! Kven er vel som du? - eit folk som hev Herren til frelsar, ditt verjande skjold og ditt veldige sverd! Sjå, fiendane smeikje for deg, medan du skrid fram yver høgdene deira.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.